Lokal | 01. des. 2012

Filmfestivalen om Fjellheim

Lesarinnlegg, 60n: Sterke meiningar kjem til uttrykk på begge sider av saka, og som ein av bygdas kulturinstitusjonar vil vi dele vårt perspektiv.

Filmfestivalen om Fjellheim
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 01. des. 2012 09:06

Debatten om Fjellheim har gått varmt i lokalpressa. Sterke meiningar kjem til uttrykk på begge sider av saka, og som ein av bygdas kulturinstitusjonar vil vi dele vårt perspektiv. Vi er ein ideell, ikkje-politisk organisasjon som har arrangert internasjonalt anerkjende filmfestivalar i godt over eit tiår i kulturbygda Os.

Aller først vil vi uttrykke vår semje med at det er mange utfordringar ved å gjennomføre arrangement i Oseana. Arkitekturen har gjeve praktiske og fordyrande problem, prisen for leigetakarar har ikkje vorte som forespeila, det tar tid for eit nytt kommersielt føretak å finne rette måten å samarbeide med det sterke kulturlivet i Os, og det er tydeleg at bygget i praksis er retta mot andre brukarar enn vårt førre kulturbygg. Samstundes har dette ført til ei fornying ved at etablerte aktørar har måtte finne nye måtar å fungere på, og vi synast absolutt at nyskaping og nytenkjing er positivt; ingen er tent med å gå fast i gamle tralter. Likevel har vi som konsekvens utvilsamt også mista ein del av det vi hadde før, noko som gjev seg utslag i at det lokale kulturlivet ikkje har same rimelege tilgang på øvingslokale og oppvisningslokale som før. Det er sjølvsagt uheldig.

I mange år leigde filmfestivalen Fjellheim nesten gratis, nokre skarve tusenlappar for ei ekstra lang veke, noko som var eit av premissene for å kunne arrangere den einaste gratis filmfestivalen i Noreg. Men det er grunn til å tru at noko av årsaken til at det tidlegare var så rimeleg truleg er at kommunen i mange år ikkje utførte vedlikehaldsarbeid eller den moderniseringa som har vore påkrevd. Bygget stod tilgjengeleg, og alle greidde i stor grad seg sjølve.

Ulempa viser seg no ved at bygget etter vår erfaring er i rimeleg dårleg stand, og ueigna til å nytte for store tekniske arrangement. Vi er såleis heilt einige med Rockeklubben i at kostnaden truleg vil bli for stor til å setje bygget i god bruksstand. Begge desse organisasjonane har erfaring over lengre tid med kor lite egna Fjellheim er til dette.

Vårt virke har vore film og kinoframsyningar, og vi ser oss nøydde til å kommentere at det har vorte trekt fram at det tidlegare vart vist film i Fjellheim tre gonger i veka. Frå tekniske og efaringsmessige standpunkt må vi understreke at det ikkje er høve til dette lenger. Fjellheim er reint teknisk ikkje eigna, då kinoteknologi og konkrete tekniske krav har endra seg for mykje over dei siste åra, og mange av kinodistributørane opererer under strenge retningslinjer som ville ha utelukka framsyingar av nyare filmar i bygget. Men skal ein vere ærleg er heller ikkje Oseana spesielt godt eigna til kinodrift per i dag - det vart rett og slett ikkje teke nok høgde for denne typen aktivitet då storsalen vart utforma.

Ein alternativ scene til Oseana med gode øvingslokale hadde vore svært positivt. Det frivillige kulturlivet har stort nok mangfald til å rettferdiggjere det, medan storsalen i Oseana er alt for stor for mange av dei mindre organisasjonane. For oss hadde det vore fordelaktig med eit alternativt lokale der ein hadde lagt til rette for både jamn kinodrift og scene, slik at vi kunne gjennomført filmframsyningar der, og brukt Oseana til dei største hendingane, som opning og Gallashow. Utfordringane vi hadde med å tilpassa Fjellheim til framsying på tilfredsstillande måte auka for kvart av dei siste åra våre i bygget. Det har diverre heller ikkje vore noko løysingsforslag som kan passe inn i kommuneøkonomien.

Reint arkitektonisk meiner vi Fjellheim er verd å bevare. Det er eit av dei siste høgverdige bygga i Os, med ein fantastisk flott fasade som gjev sentrum eit sjeldant innslag av klasse og tradisjon. Det sit mykje verdifull historie i veggane som absolutt er verdt å ta vare på, men kva verdi har dette for neste generasjon om kostnaden vert for stor? Kan vi forvente at dei framtidige kulturaktørane i bygda - mange allereie aktive i dømesvis Rockeklubben - skal ha den same nostalgien som dei eldre kultursegmenta har? Det trur vi diverre ikkje. Fjellheim er utvilsamt det viktigaste kulturbygget i Os for dei som vaks opp i bygget si glanstid, men den glanstida enda då vedlikehaldet på bygget tok slutt.

Aksjonsgruppa hevdar at bygget er i fullverdig stand til fortsatt bruk, med unntak av ein mindre brannverninvestering. Dette er motstridande med våre eigne erfaringar. Kostnaden med å bevare Fjellheim har vorte beskriven til alt frå ein krone til mangfaldige titals millionar. Enn så lenge har vi ikkje sett noko faktabasert grunngjeving frå noko hald på desse summane, og vi vil difor oppmode aksjonsgruppa til å hyra inn ein objektiv takstmann slik at alle interessentane ein gong for alle kan få klarheit i kva det vil krevje å få Fjellheim til å vare. Slik det er no, er det synsebaserte uttalar frå gud og kvarmann - oss sjølve inkludert - og det er ingen tent med i denne debatten.

Kommunen har slik vi har forstått det gjennom Os & Fusaposten budsjettert med inntekt på ti-tolv millionar for sal av eigedomen. Enkelte har tilsynelatande stilt seg tvilsame til at tomta har denne verdien, men samstundes finst det lokale entreprenørar som ser ut til å vere villige til å investere og byggje bustader der. Dette vil uansett bli eit hol i kommunebudsjettet som må tettast. Kva postar på eit stramt kommunebudsjett må lide for at vi skal ta vare på både Oseana og Fjellheim?

Kor stor leigeinntekt må ein ha i Fjellheim for å dekkje eit lån på ti-tolv millionar? Om takstmannen kjem til at det er naudsynt med fleire millionar for å ruste det opp, kor mykje må ein ta i leige då? For oss er det heva over ein kvar tvil at den låge leiga kulturaktørane naut godt av var medvirkande til “kultursuksessen” vi har opplevd i vår organisasjon si levetid. Men med den driftsmodellen aksjonsgruppa ser ut til å skissere vil leigeinntektene vere sentrale eine og aleine for å dekkja vedlikehald og renovering, for det er innlysande at kommunebudsjettet overhovud ikkje har rom for dette gjennom subsidiering. Og for å balansere desse utgiftspostane mot leige mistenkjer vi også at prisen vil bli høgare enn det små, frivillige lag på kanten av “høgkulturen” som har plass i Oseana vil kunne ha råd til.

Etter å ha gått gjennom aksjonsgruppa sine vevsider ser vi lite som indikerer detaljerte planar eller forslag for korleis desse utfordringane skal kunne løysast. Det er sjølvsagt heilt greitt å be kommunen om å endre eit vedtak, men om ein krev det har ein samstundes eit ansvar for å foreslå løysingar. Grunngjevinga og trongen for bevaring er godt beskrive, men korleis dette skal utførast og finansierast har vi ikkje fått svara på så langt.

Det er godt at bygda bryr seg. Men vi vil be om at debatten vert halden på eit sakleg nivå. Personangrep, anklagar om skjult politisk agenda og liknande høyrer ikkje heime om ein vil bli tatt seriøst. Det er fakta, konkrete planar og reelle løysingsforslag som må dominere debatten.

Vi har aldri lagt skjul på at flyttinga frå det nedlagte Fjellheim til Oseana tvang filmfestivalen til å skalere opp, både i arrangementsform og økonomi, for å passe inn i det nye kulturhuset. Det gav oss eit lenge etterlengta høve til nettopp å bryte med gamle tralter og forestillingar, og lansere ein ny og meir profesjonell festival. Samstundes kan det virke som at jobben med å arrangere til eit amfi som er fire gonger så stort som Fjellheim sitt var overveldande, ikkje minst sidan vi allereie i Fjellheim hadde mange visningar med mindre enn halvfull sal til å byrje med, men resultatet for vår del er at vi har vekse ut av Fjellheim, og vegen tilbake er ikkje interessant for oss.

Fjellheim vil alltid ha ein stad i våre hjarte. Det var ein unik boltreplass for unge eldsjeler, og kommunen gav oss høve til å skape unike ting. Men den tida er over. Vi har ikkje på langt nær same fridom til å skape det vi vil i Oseana, men det har vi tilpassa oss. Vi har sagt vårt tårevåte farvel til Fjellheim, og har vendt blikket framover. Sjølv om vi med årets festival enno ikkje er heilt stø i beina er det ingen tvil om at dersom festivalen skal overleva må ganglaget vere trygt i Oseana. Så lenge det ikkje eksisterer ei alternativ scene som er meir tilpassa våre behov, er Oseana eit tilfredsstillande alternativ. Det blir Oseana eller ingenting.

Etter å ha kverna over det heilt sidan før vi tok spranget over sentrum har vi slitt med å sjå ei løysing der det vil vere økonomisk truverdig med vidare drift i Fjellheim slik den vi kjenner. Ein æra er over, og det er opp til kulturlivet i bygda å hjelpe kommunen med å leggja grobotn for ein ny.

Styret i 60°N Os internasjonale filmfestival
Nils-Anders Nøttseter
Christoffer Kobbeltvedt
Ole Henning Bøe
Bjørn T. Bøe Tarjei Lyssand

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.