Sport | 09. juli 2010

Fin flyt gjennom Canada

Erik Walden og Bjørn Tore Eriksen har kome godt i gang med den 100 mil lange padleturen sin.

Fin flyt gjennom Canada
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. juli 2010 20:50

Onsdag 30. juni sette Bjørn Tore Eriksen og Erik Walden frå Os seg på flyet frå Flesland, laurdag 3. juli starta det som skal bli ein 100 mil lang padletur nord i Canada.

- Det blei ei lang reise på oss. Halvvegs mellom Calgary og Yellowknife måtte flyet snu grunna dårleg vêr, fortel Erik til Midtsiden.no.

Men laurdag kom dei seg til Yellowknife, som var siste stoppestad i sivilisasjonen før den lange kanoturen.

Les òg:
100 mil med padleferie

- No har vi proviant og held på med å pakka sekkane våre, skreiv dei to til Midtsiden før avreise med sjøfly til Lynx Lake, der padlinga starta for ei veke sidan.

Midtsiden sine forsøk på å nå dei to på satellittelefon har til no vore mislykka, men på Spotfinder har vi ei passordbeskytta side der vi kan følgja med kvar dei er.

Og det er tydeleg at turen er i gang, kvar dag har dei flytta seg aust og nord, særleg dei siste dagane har dei lagt bak seg gode distansar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.