Lokal | 11. juli 2014

Fin flyt i varmen

På nyinnkjøpt partymadrass fann Remi Austevoll og Vidar Bøthun roen i rekordvarmen torsdag. Finvêret varer berre til laurdag, men onsdag er det sol igjen.

Remi Austevoll (t.v.) og Vidar Bøthun koste seg i går på nyinnkjøpt flåte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. juli 2014 07:07

Bildeserie:

– No skal vi til Tysnes, fortel dei to. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os hamn torsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vikjo og den nye, populære badeflåten. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Tubesleping på blikkstille fjord. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Wakeboard i varmen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Maria Thunold Matthiessen tok ein kveldstur på vannski. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ein lang familie på symjetur. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Vidar og Remi på oppblåsbar flåte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– No skal vi til Tysnes, fortel dei to. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os hamn torsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Onsdag blei det sett varmerekord fleire stadar på Vestlandet og 34,4 gradar, som blei målt i Ulvik, er ifølgje yr.no høgaste temperatur registrert i Hordaland etter 1889.

Torsdag var det også rundt 30 gradar fleire stadar i fylket, også i Os.

I Os hamn, Mobergsvikjo og i dei mange fjørene i skjergarden i Os var det eit yrande liv.

Med blikkstille fjord var det også duka for sleping av tube, vannski og wakeboard – og for avslapping på sjøen.

På nyinnkjøpt flåte

Utanfor Bunnpris Vedholmen Landhandel i Øyane sat to kameratar og slappa av med ei øl på noko vi kan kalla ei oppgradert flytemadrass.

– Her sit vi godt. Det er til og med kjølerom om bord, seier Vidar Bøthun.

Han og kameraten Remi Austevoll har bestilt den oppblåsbare flåten på internett.

– Han kosta 2000 kroner inkludert frakt. Ei god investering, no skal vi ta flåten med til Tysnes, fortel dei to.

Regn laurdag – sol neste helg

Finvêret, som i utgangspunktet skulle vara til og med søndag, ser no til til å enda med regn laurdag ettermiddag.

Fredag skal bli solrik og 28 gradar varm, mens laurdag skal starta bra, men frå 14-tida skal det skya over.

Både Storm og Yr melder nokre dropar med regn laurdag ettermiddag, men frå 18-tida skal det letta igjen og temperaturen skal halda seg på rundt 20 gradar.

Søndag, måndag og tysdag skal også få nedbør, men onsdag er det meldt opphaldsvêr og sol igjen og neste helg ser førebels skyfri ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.