Kultur | 28. juni 2018

Fin forsmak på nytt morgontilbod

Starta dagen med yoga ved fjorden? Oseana vil testa ut noko nytt i haust.

Fin forsmak på nytt morgontilbod
Osdagane starta med yoga på Oseana-terrassen torsdag formiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. juni 2018 09:17

Bildeserie:

Karina Lyssand frå Os Yoga. (Foto: KVB)
Karina Lyssand frå Os Yoga. (Foto: KVB)
20 deltakarar møtte fram. (Foto: KVB)
20 deltakarar møtte fram. (Foto: KVB)
Utdeling av stropper. (Foto: KVB)
Utdeling av stropper. (Foto: KVB)
I haust er det to økter med yoga, men dei blir i kunstsamlinga. (Foto: KVB)
I haust er det to økter med yoga, men dei blir i kunstsamlinga. (Foto: KVB)
2 gutar og 18 jenter fekk ein smidig start på dagen. (Foto: KVB)
2 gutar og 18 jenter fekk ein smidig start på dagen. (Foto: KVB)
1 av 5
Karina Lyssand frå Os Yoga. (Foto: KVB)
20 deltakarar møtte fram. (Foto: KVB)
Utdeling av stropper. (Foto: KVB)
I haust er det to økter med yoga, men dei blir i kunstsamlinga. (Foto: KVB)
2 gutar og 18 jenter fekk ein smidig start på dagen. (Foto: KVB)

Då Oseana for to veker sidan sleppte haustprogrammet sitt, var det med blant anna utvida ungdomssatsing, ikkje minst innan humor, og med ein heilt ny aktivitet; «mindful yoga» i Griegsamlinga etterfølgd av frukost.

I dag, som del av Osdagane, var det tid for ein forsmak. Med sol og rundt 20 gradar blei yogaøkta utandørs.

– I dag tidleg var det 15 som hadde kjøpt billett, men det kjem kanskje fleire, sa Veronica Søilen Halhjem frå Oseana før start.

Då timen starta var det 20 deltakarar som hadde funne seg ei matte og sat klare til å få instruksjon av Karina Lyssand.

Karina driv Os Yoga i familieverksemda Lyssand Blomstersalg sitt bygg i Industrivegen. Til dagens time stilte 18 jenter og kvinner, ein mann og ein ung gut. To av dei har ikkje prøvd yoga før.

Timen var tilpassa alle nivå, og med litt ekstra fokus på skuldre og nakke.

To økter med frukost til hausten

Oseana gler seg over oppslutnaden, og det fine vêret, men dei to planlagte øktene i haust blir under tak.

Øktene i haust er etterfølgd av frukost i restauranten, og blir arrangert to laurdagar, den eine i september, den andre i slutten av oktober.

– «Mindful yoga» blir i kunstsamlinga. Utsikta og omgjevnadane er fin der òg, seier Veronica.

Yogatilbodet er ein prøve, og kan halda fram med auka frekvens seinare sesongar, om responsen er god.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.