Politi | 14. mai 2021

Fin start for russen

Politiet fekk to klagar på støy frå fest - ingen av dei handla om årets russekull.

Fin start for russen
Politiet var nedom Sigurdsvikjo fleire gongar onsdag kveld, men fann ikkje noko å reagera på. (Arkivbilde, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. mai 2021 07:26

Bjørnafjorden lensmannskontor fortel om ein roleg start på langhelga.

– Det var russedåp i Sigurdsvikjo onsdag, men den gjekk forholdsvis fint for seg, seier politioverbetjent Martin Nordeide.

– Forholdsvis?

– Ja, det var ikkje meir enn du kan venta av ei gruppe feststemte ungdomar. Vi var nedom fleire gongar, og fann ikkje noko å reagera på.

Seinare natt til torsdag kom to klagar på støy frå andre festar.

– Ein av dei vara i Hagavik. Begge fekk beskjed om å dempa seg, og skal ha retta seg etter dette.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.