Fin Strøno-reklame på TV 2

Kygo og Harald på hyttetur før ellevill vannskitur.

Kygo og Harald heime hos Kyrre før avreise til Strøno. (Foto: TV 2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. feb. 2021 12:36

Måndag kveld var det premiere på tidlegare Idol- og Senkveld-programleiar Harald Rønneberg sitt nye program på TV 2, «Helt Harald».

Harald held fram med å gjera ting han ikkje kan, og i første sending får vi sjå korleis det går med ambisjonen om å stå på vannski bak danskebåten.

Programmets gjest, og med på vannskistuntet, var Kygo (Kyrre Gørvell-Dahll).

Base på Forstrøno

Den same sommaren som Kream frå Os streama konsert for 10.000 publikummarar frå Forstrønesundet, var musikk-storebroren frå Fana på hyttetur 500 meter vekke, på Kuskjeret på Forstrøno.

TV 2 viser fine bilde frå det populære friluftsområdet mellom Ervikane og Oksebåsen.

Forstrøno var base før Kygo og Harald blei slept med rib og hekta på Fjordline si skute på veg sørover i Bjørnafjorden.

Korleis det gjekk med vannskistuntet, og med oppvarminga, der Harald song til Kygo sitt pianospel før dei møttest til tennisduell, kan du sjå på TV Sumo.

I neste episode er prinsesse Märtha Louise gjest. Då skal ho og Harald prøva å setja verdsrekord - på langrenn.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.