Sport | 16. aug. 2013

Fin ungdomskveld i elva

– Det er kjekt å sjå at det blomstrar med unge fiskarar i Os, seier Tor Åge Thuen frå Os jakt- og fiskelag.

Mange møtte fram då Os jakt- og fiskelag inviterte til ungdomsfiske i Oselvo. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. aug. 2013 07:49

Torsdag hadde Os jakt- og fiskelag invitert unge under 16 år til å prøva laksefiske i Oselvo.

– Rundt 10 ungar og ungdomar møtte fram, fleire av dei med foreldre, seier Thuen.

Les òg: Rekordfangst av Kloven

Unge og vaksne fekk ein fin kveld med fiske.

– Det var lite vatn og lite fisk, men nydeleg vêr.

– Det blei også fangst, ein liten aure beit på kroken til ein av nykomarane i elva, fortel Tor Åge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.