– Finare enn Os Sjøfront
Austevoll kommune vil også bygga bustadblokker i strandsona. Fylkesmann Lars Sponheim er "grunnleggande positiv".
Planane for Prestaneset ved Storebø hamn har tatt form som meir enn eit bustadprosjekt, Austevoll kommune vil bygga blokker i 7 etasjar i strandsona, med bustadar og næringslokale, og "flytta Storebø sentrum tilbake til strandkanten".
– Det er godt mogleg at dette er litt vel spenstig for enkelte. Men vi ønskjer å omforma Storebø og flytta kommunesenteret ned mot sjøen igjen, der det ein gong var.
– Dei siste tiåra er bebyggelsen konsentrert meir mot hovudvegen, men det er jo nærleik til sjøen som kjenneteiknar Austevoll. Kvifor ikkje legga opp til at folk kan bu langs sjøen? spør ordførar Helge André Njåstad (Frp) til bt.no.
Fylkesmann Lars Sponheim seier til BT at han har positiv dialog med Austevoll kommune og at han er grunnleggande positiv til kompakt utbygging.
På spørsmål om Njåstad er inspirert av Os kommune og Os Sjøfront svarer han:
– Dette er mykje finare enn Os Sjøfront. Vi er meir inspirert av New York.
Austevoll kommune, som består av 667 øyer, har knappe 5000 innbyggarar, mot Os sine drygt 17.000.
Utbyggar er Storebø Maritim AS, eigd av Magnus Stangeland, Blænes-familien og Helge Arvid Møgster. Arkitektfirmaet Tippetue har teikna blokkene.