Lokal | 09. juli 2015

Fine skuter innom Os

I Lysefjorden ligg ein yacht til nesten ein milliard kroner - i Os hamn ligg seglskuta Oosterschelde bygd i 1918.

Fine skuter innom Os
Northern Star, Oosterschelde og Betelskipet Elieser 6. (Foto: Lesarbilde og Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. juli 2015 06:58

Nederlandske «Oosterschelde» er berre fire år yngre enn Statsraad Lehmkuhl.

Den 38 meter lange skuta kom for fulle segl inn Bjørnafjorden onsdag og låg i natt til kai ved Os Sjøfront.

Oosterschelde har vore innom Stavanger og Haugesund før den kom til Os. Skuta var også i Os i august i fjor, då med ein venegjeng på 17 frå eit britisk nabolag om bord.

Luksus ved Lysøya

I natt har også luksusyachten «Northern Star» lagt for anker i Os, nærmare bestemt ved Lysøya.

Den 76 meter lange yachten seglar under Cayman Islands flagg, og blei bygd i 2009.

«From the arctic to the tropics, NORTHERN STAR will take you to the world's most remote destinations and will stand apart in exquisite detail and luxury in the most exclusive metropolitan ports of the world» står det på heimesida til yachten.

yachtnorthernstar.com kan du sjå fleire bilde av båten, som ligg for sal for 100 millionar euro.

Flytande forkynning

Før helga var ein annan båt med lang historikk innom Os. Betelskipet Elieser 6 er etterfølgjar av det første betelskipet, Elieser 1 frå 1903.

Den Indre Sjømannsmisjon (DISM), etablert i 1880, hadde møter for sesongfiskarar, og etterkvart blei det behov for å følgja fiskarane ut på felta. Det første betelskipet forliste i ein orkan i Lofoten i 1913.

Dagens betelskip avløyste Elieser 4 i 1992. Kva skipet gjorde i Os er for Midtsiden uvisst, men ifølgje dism.no var det møte på skipet blant anna i Alta i april i år.

DISM har hovudkontor i Bergen og Elieser 6 blir leig ut til ulike lag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.