Sport | 24. sep. 2010

Fint på fastlandet

Albir og Altea i Spania: Billig reise, fredeleg strand, stemningsfull småby og action fem minutt unna.

Fint på fastlandet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. sep. 2010 05:29

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

30 varmegradar, nydeleg badetemperatur, roleg strandliv og husvære ved sjøen med eige basseng. Vi har vore ein tur til Albir i det spanske området Costa Blanca, 50 kilometer nord for Alicante.

SJÅ VIDEOSNUTT NEDST I ARTIKKELEN

Landsbyen Albir ligg i motsett ende av stranda som den vesle byen Altea. Altea er kjent som kunstnarby og både marknaden, som er open kvar tysdag frå klokka 10 til 14, og gamlebyen med kyrkjeplassen, som ligg på ei høgd, er verdt å besøka.

Stein og sand
Både Altea og Albir, som ligg på kvar si side av to moloar og ei båthamn midt på stranda, står med sine låge hus og rolege atmosfære i kontrast med turistbyen 10 minutt unna, Benidorm.

Benidorm har skyskraparar langs promenaden og strandstolar og gater fulle av juggel-butikkar, restaurantar og engelske og tyske turistar. I Albir møtte vi mest fastbuande og tilreisande spanjolar og norske kort- og langtidsferierande.

Medan det er sandstrand i Benidorm er det rullesteinstrand i Albir og Altea. Steinane nedst ved sjøen er små, så dei er gode å gå barbeint på. Dessutan slepp du sand i mat, solkrem, kamera og mobiltelefon. Men om du saknar sandstrand eller vil ha større utval av butikkar kan du ta deg ein avstikkar på 10 minutt sør til storebror Benidorm.

Badeland, dyrepark og actionpark
Mellom Albir og Benidorm har du mange ei rekkje aktivitetsparkar å velja mellom. Go-kart, fornøyelsesparken Terra Mitica og dei to naboane Aqualandia og Mundo Mar.

Vi besøkte dei to siste, Mundo Mar, med skilpadder, apekattar og delfinar, og badelandet Aqualandia. I Mundo Mar kan ungane delta i mating av sjøløver og klappa delfin, i aqualandia var det overraskande godt tilpassa dei yngste - i tillegg til dei store rutsjebanane for ungdom og vaksne.

Eige hus - eige basseng
I Albir er det fleire hotell, som Hotel Kaktus Albir på strandpromenaden og det nye spahotellet Albir Playa, som ligg nokre hundre meter frå stranda.

Men organiserer du reisa sjølv kan du ha like mykje glede av turen ved å bu i husvære. Du får større plass og færre å dela bassenget med.

Det er rikeleg med nordmenn som eig husvære i Spania, og mange av desse leiger ut. På Finn.no ligg det i skrivande stund 2.684 hus og husvære i Spania for leige.

Rimeleg med RyanAir
Då vi hadde funne ein fin plass å bu, eit husvære på ei klippe i enden av stranda, og skulle til å bestilla reise, fekk vi eit heitt tips: «Prøv RyanAir frå Haugesund, dei sel billettar for nokre hundrelappar!»

«Sikkert», tenkte vi, men fann fort ut at det stemte. Ikkje alle synes det er så spennande å handla billig, men akkurat når det gjeld flyreiser kan det gå litt sport i det. Og sånn blei det, ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg kosta om lag det same som kvar flybillett Haugesund-Alicante.

Tips til turen - Albir/Altea:
• Bestill leigebil på førehand, så får du full kasko inkludert, du slepp kø, du er sikker på at du får bil og du får leigebilen billigare.
• Når du kjem til bommen på motovegen A7, ikkje stå som ein stut og leit etter ein plass å kasta inn pengar. Du skal berre trekka ut billetten i automaten, som du må ta vare på for betaling på neste stasjon.
• Sving av motovegen ved avkjørsla til Benidorm og sjå etter skilt til Altea. Ved McDonalds svinger du av mot Playa Albir.
• Consum er ein fin matvarebutikk i Albir, stort utval og hyggelege prisar.
• Skal du i ein av parkane? Fleire av dei har ettermiddagskort, ta formiddagen på stranda eller ved bassenget og stikk i parken klokka 15.
• Marknaden i Altea er ikkje open kvar dag. Tysdag fram til klokka 14 var gjeldande då vi var på tur.

Reiseliv på Midtsiden
Har du vore på tur? Vil du dela bilda dine og nokre tips med Midtsiden-lesarane så kan du kontakta oss på mobil 90789270 eller kjetil@midtsiden.no.

Strandliv i Barcelona, rocka reisebrev, surfing i Danmark, skisirkus i Saalbach og klatretur til Kilimanjaro. Her finn du fleire av Midtsiden sine reiselivssaker.

VIDEO: Morgonstund i Albir, delfinparken Mundo Mar, badelandet Aqualandia og marknaden i Altea. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.