Vêret i Os | 12. okt. 2025

Finvêret blir verandre

Melder tørt vêr ei veke fram. Med eitt unntak.

Finvêret blir verandre
Ein solrik laurdag på Fusafjorden i september. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 12. okt. 2025 10:39

Det grå og våte vêret heldt fram etter vindfulle «Amy», men natt til søndag kom vêromslaget.

Denne vindstille og nesten skyfrie søndagen blir etterfølgd av ei veke med opphaldsvêr.

Det er meldt tørt fram til måndag om åtte dagar, samanhengande, med unntak av nokre dropar mellom klokka 08 og 10 i morgon.

Men det blir ikkje like solrikt som i dag. Måndag til onsdag skal bli overskya, kanskje med noko solgløtt tysdag og onsdag.

Torsdag og fredag er det større sjanse for lett skydekke.

Temperaturen skal halda seg på 11-12 gradar, vindstyrken på 2-3 m/s.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.