Lokal | 20. apr. 2019

Finvêret held fram

Søndag er det venta litt regn, men til veka skal det bli 19 gradar og skyfri himmel.

Finvêret held fram
Også palmehelga var fin: Bunnpris Vedholmen Landhandel laurdag 6. april. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. apr. 2019 10:17

Årets påske fekk draumevêr, med sol og 10-15 gradar i låglandet, og framleis skiføre under strålande sol fleire stadar i fjellet.

Første påskedag blir derimot grå i Os, med overskya og fare for regn midt på dagen, men nesten vindstille og temperaturar på 11 til 13 gradar.

Og fortvil ikkje, for vi har meir godvêr i vente!

Finast vêr tysdag og onsdag

Yr og Storm melder 17 og 15 gradar og lettskya andre påskedag.

Tysdag og onsdag skal det bli endå finare vêr, skyfri himmel og 18-19 gradar.

Sol og varme heile veka - men regn til helga

Til torsdag og fredag er det meldt lettskya og 18-19 gradar, med noko nedbør på kvelden fredagen.

Førebels ligg det an til å bli regn og noko kaldare neste helg.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro, frå Yr og Storm side om side, på VG Pent.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.