Vêret i Os | 17. apr. 2023

Finvêret varer til laurdag kveld

Melder lettskya og skyfritt i fleire dagar.

Finvêret varer til laurdag kveld
Os hamn i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. apr. 2023 08:33

Det tørre, solrike vêret frå påskeferien held fram, og ser ut til å vara fram til helga, kanskje også gjennom neste helg.

Yr melder lettskya så langt meldinga går, Storm melder nedbør laurdag kveld og gjennom søndagen.

Yr melder også høgare temperatur enn Storm, opptil 15 gradar på onsdag, mens Storm melder 8-10 gradar heile veka.

Det er meldt nærmast skyfritt i dag, onsdag og torsdag, og noko skya tysdag og fredag.

Vindstyrken skal halda seg låg, under 3 m/s, og endå svakare torsdag og fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.