Fire månadar utan lys

Os kommune ventar på det skal bli lys. BKK ventar på tilbakemelding frå … Os kommune.

Strønebrua mangler framleis lys etter nyttårsstormen (foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. apr. 2017 08:59

Varaordførar Laila Reiertsen (Frp) har fått fleire kommentarar frå folk i Strøno om manglande veglys over Strønebrua og på faslandet nær brua.

– Lyset har visstnok vore vekke sidan før nyttår, altså i fire månadar, og det synest eg er for gale! seier Reiertsen.

Truleg var det 2. juledag, då uvêret Urd sendte eit tre over linja ved brua, at straumen forsvann.

• Les òg: Velta tre, lyktestolpar på skakke og laus flytebrygge

– No går vi rett nok inn i ei lysare tid, men det er framleis mørkt om nettene og veglysa skal uansett fungera på fylkesvegane våre.

Nokre innbyggarar skal ha meldt ifrå, men har vore usikre på kven som skal ha beskjed; Os kommune, Statens vegvesen eller BKK?

Ventar på avklaring og bestilling

Hos Statens vegvesen blir vi sendt vidare til BKK, som fortel om eigen nettside for å melda om feil bkk.no/veilys, og viser vidare til dotterselskapet Enotek AS, som no har ansvar for drift av veglys.

Divisjonssjef Geir Noss undersøker saka før han kjem tilbake med følgjande kommentar:

– Eg fann ei melding på denne, men oppdrag om utbetring er ikkje bestilt.

– Vi ventar på ei avklaring mellom Os kommune og vegeigar Hordaland fylkeskommune, fortel Noss.

Kven som har ballen er uvisst, men det kan sjå ut som om venstrefoten ikkje veit kva høgrefoten held på med.

– Det skal ikkje vera mogleg, seier Reiertsen, som vil følgja opp saka på måndag.

(Enotek har nyleg vunne anbodet på fylkesvegane og skal til Os for å signera kontrakt over helga.)

• Les òg: Er Strønebrua friskmeldt?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.