Fotball | 22. juni 2025

Fire Os-lag skåra fire mål kvar – alle tok tre poeng

Alle seniorlaga til Os avslutta våren med siger.

Fire Os-lag skåra fire mål kvar – alle tok tre poeng
Tina Skogedal, her då ho skåra fire mål i 5-0-siger over Askøy i førre heimekamp. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 22. juni 2025 11:18

Fredag spelte A-laget til Os heime mot Fana.

Det enda med 4-1-siger.

  • Etterpå spelte Os 3 borte mot Fana 3, også den enda med 4-1-siger til Os.
  • Os damelag spelte heime mot Sotra same kveld. Dei vann 4-2.
  • Os 2 spelte borte mot Trott lardag. Der blei det 4-3-siger til Os.

Os-damene gjekk i føringa over Sotra, så hamna dei under 1-2 til pause. I andre omgang snudde dei kampen til siger.

Tina Skogedal skåra dei to første og det siste målet til Os, hennar fjerde hattrick for sesongen. Lenea Hjelle Fløysand skåra 3-2-målet.

Tina har no 17 mål på 11 kampar. I to av dei fire hattrick-kampane skåra ho fire mål. Dei to neste på toppskårarlista i avdelinga ligg med 9 mål kvar og speler for Brann 2 og Lyngbø, som ligg øvst på tabellen.

Os 3 leia 2-0 før Fana 3 reduserte. Også her blei det hattrick. Henning Wold Gjelsvik skåra det første målet, Leo Egbe Rosvold dei tre neste.

Os 2 utlikna til 1-1, hamna under 1-3, men snudde til 4-3-siger borte over Trott. Lucas Eide Døsen, Filip Fjellberg, Alexander Smedegård og Kristian Dymarczyk skåra Os 2 sine mål.

  • Nore Neset (5. div) tapte 1-4 borte for Telavåg laurdag, men har éin kamp igjen før ferien.
  • Nore Neset 2 (7. div) speler toppkamp på heimebane i dag.
  • Lysekloster (2. div) speler borte mot Eik Tønsberg i ettermiddag.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.