Lokal | 20. feb. 2012

Fire prikkar på ferskt førarkort

Han fekk førarkort i januar, no er han halvvegs til fotgjengarstatus igjen.

Fire prikkar på ferskt førarkort
Politiet får ofte melding om høg fart på Hegglandsdalevegen. I helga tok dei ein ungdom i 65 km/t. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. feb. 2012 10:43

Å kjøra fort kan kosta dyrt, spesielt om førarkortet ditt er ferskt. I prøvetida er det dobbel straff.

– Han fekk fire prikkar på førarkortet, seier politioverbetjent Terje Sperrevik om guten som blei målt til 65 km/t i 50-sona i Hegglandsdalen i helga.

Med til saman åtte prikkar på tre år blir førarkortet beslaglagt.

Den unge bilføraren får også eit gebyr på 2900 kroner. 1 km/t høgare fart og gebyret hadde auka til 4200 kroner.

– Vi har fått ein del klager på høg fart i Dalen, og prøver å følgja, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.