Korona | 18. mai 2021

Fire smitta på Kongshaug - 120 elevar i karantene

Kommunen bistår skulen tysdag kveld.

Fire smitta på Kongshaug - 120 elevar i karantene
Kongshaug Musikkgymnas. (Arkivfoto: Kari Marie A. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. mai 2021 20:19

Fire elevar ved Kongshaug Musikkgymnas har i dag testa positivt for covid-19, opplyser Bjørnafjorden kommune.

Smitten blei oppdaga ved rutinemessig g testing av elevar som har vore heime i langhelga.

Kongshaug er ein internatskule, og alle elevane tel som éin kohort. Dei må i karantene i ti dagar. Alle skal testa seg i morgon, onsdag.

Nokre lærarar tel òg som nærkontakt, og må i karantene.

Husstandsmedlemmar til elevar som har vore heime 17. maihelga, og til lærarar som er nærkontakt, må i ventekarantene.

Skulen er privat, men kommunen står for smittesporing og oppfølging. Dei har eige møte med skulen tysdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.