Fire store pregar Oseana denne våren

2 av 4 er utselt - den første går på scenen i dag.

John Olav, Datarock, Bernhoft og Andsnes. (Datarock då dei parodierte boyband på Søfteland i 2012, foto: Kjetil Vasby Bruarøy))
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. mars 2021 09:49

Éin står normalt på store scenar som Boston og New York Carnegie Hall, éin er samanlikna med Mick Jagger, tre av dei har vunne Spellemannsprisar, og musikken til dei siste er brukt i TV seriar som Vampire Diaries og reklamar for Coca Cola, Apple og Google.

No entrar dei alle scenen i Oseana.

Oseanasalen, som normalt tar 500 publikummarar i amfi og over 1000 på flatt golv, har grunna pandemien berre lov å ta imot 100 gjestar.

I kveld går Jarle Bernhoft på scenen, i går blei det 11 siste billettane selte.

– Det er hard kamp om billettane, men vi gler oss over å kunna halda ope, og å kunna by på underhaldning av same kvalitet som før, seier Veronica Søilen Halhjem.

Dette er datoane for fire store denne våren:
Laurdag 20. mars: Bernhoft - utselt
Onsdag 14. april: Leif Ove Andsnes
Fredag 23. april: Datarock
Laurdag 1. mai: John Olav Nilsen & Nordsjøen - utselt

Dagens stjerne på Mobergsneset, Jarle Bernhoft, blir skildra som ein gudbenåda gitarist, låtskrivar, artist og usedvanleg likandes kar frå ein dal rett nord for Oslo.

Ein stilig, nysgjerrig, smart og evig undrande fyr med ein distinkt og tidlaus sound.

Besøket i Oseana er del av ein omfattande soloturné som går over heile landet frå midten av februar og fram til påske.

Etter påske kjem Leif Ove Andsnes med eit program via Shubert og Dvořák. Me sine 11 Spellemannprisar er han den artisten som har vunne flest statuettar.

«En pianist med autoritet, eleganse, kraft og dyp musikalsk forståelse» har New York Times skrive om Andsnes.

Datarock må reknast som eit av Noregs mest internasjonalt anerkjende band, med 1000 konsertar på alt frå Coachella til Roskilde i 36 land bak seg.

Datarock, fronta av den sjeldant karismatiske vokalisten Fredrik Saroea, har gutta bak monsterhits som «Fa-Fa-Fa», «Computer Camp Love» og «Give It Up» skapt store bølgjer både her hjeime og ute i den store verda.

Bandets låtar har blitt brukt i reklamar for Coca-Cola, Apple,Google, Microsoft og Samsung, i dataspel som FIFA og The Sims, og TV-seriar som Vampire Diaries og Workaholics.

Du hugsar dei kanskje frå familiefest på dagtid, eller frå scenen på kveldstid, på festivalen Søfteland Rock N Lol?

– Nokre av våre mest minnerike stunder er frå Os, frå festivalen på Søfteland og morgonane dagen etter, på Solstrand Hotel & Bad.

– Vi tar med masse nytt materiale, og DATAROCK-trommis Øyvind Solheim har jo til og med flytta inn i nabolaget sidan sist, så dette blir som å koma heim, seier Fredrik Saroea.

Andre namn i Oseana-kalenderen før sommarferien er Nordic Tenors, Real Ones og Hellbillies.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.