Kultur | 14. des. 2017

Fire veker på stillehavsøy

På TV2 «Øya» frå 1. januar. – Ei oppleving eg likte veldig godt, seier Erik Walden.

Fire veker på stillehavsøy
Korleis fekk Erik Walden tak i fisk? Det kan du sjå når realityserien «Øya» blir sendt måndagane frå 1. januar. (Foto: TV2) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. des. 2017 08:36

I vinter såg vi 12 kvinner kjempa om å overleva på ei øde øy i Stillehavet. Når «herre-øya» kjem på TV er det med ein osing som deltakar, fortalde vi i februar i år.

Walden kunne ikkje kommentera dette då, sjølv om han var på skjermen i reklame for programmet, men no når premieredatoen er klar har han fått lov av TV2 å snakka med pressen.

– Det var ei oppleving eg frå før hadde tenkt kunne vore fint å delta på, anten det var på TV eller ikkje. Eg visste med éin gong at dette var noko eg hadde veldig lyst å vera med på, seier osingen Erik Walden.

På Øya er det ikkje fokus på konkurransar eller intrigar, berre det å overleva.

Relevant bakgrunn

Brannmannen og tidlegare hundeføraren (Norske Redningshundar) Erik har bachelor innan krisehandtering, jobbar deltid med å selja friluftslivutstyr for Sport Norge - og har vore på eventyr før.

Sommaren 2010 padla han, saman med sambygding Bjørn Tore Eriksen, 100 mil gjennom villmark i Canada.

I 2015 var han elleve dagar med NORSAR (Norwegian Search and Rescue) i eit jordskjelvramma Nepal.

– Eg har gener frå Karibia, far min vaks opp i Trinidad og Tobago. Det er rett nok ved eit anna hav, men omtrent på same breiddegrad. Eg tenkte det kunne vera greit å oppleva eit klima og kanskje eit terreng som liknar.

• Les òg: John Walden om «Stolt Dagali»-forliset utanfor New York i 1964

Spelt inn vinteren 2016

4. oktober 2015 gjekk søknadsfristen ut. TV2 søkte etter deltakarar til eit heilt nytt TV-konsept. Her er noko av det som sto i invitasjonen (TV2.no):

«Vi er på utkikk etter eventyrlystne kvinner og menn med god helse mellom 20-70 år som har lyst til å forsøke å overleve på en øde øy (...) Vi skal ha kvinner og menn som hver enkelt har noe å bidra med, som for eksempel snekker, lege, ingeniør, sykepleier, eller en som har lederegenskaper eller diplomatiske evner. Vi ønsker en gruppe som kan bli sterke sammen og som vil mestre utfordringen sammen.»

– Det var visst fleire tusen søkarar, og eg var gjennom mange intervjurundar. Dagen etter siste runde i Oslo tok eg ein tur på Kon Tiki-museet. Mens eg var der ringde telefonen med gladmeldinga om at eg var ein av dei 12.

Erik tok ut ferien sin, 5 veker frå 5. februar 2016, for å delta. Fire av vekene var på den aude øya, Isla Gibraleón, ei anna øy enn den damene var på, men også denne utanfor vestkysten av Panama.

Skite vatn og giftige «eple»

Fire av tolv deltakarar er handplukka, tre kameramenn og ein lege. Dei deltok på lik linje som dei andre, og alle dei åtte andre deltakarane deltok òg med å filma med mindre kamera. Erik blei, grunna bakgrunnen sin, bedt om å vera leiar.

– Eg sa eg gjerne kunne vera leiar, men at det samtidig var vanskeleg å bestemma på førehand, du veit aldri korleis gruppa er samansett, og vi fekk ikkje møta kvarandre før vi sat i båt på veg for å bli slengt ut på svømmetur mot det som skulle vera heime vår i ein månad.

På førehand hadde dei fått kort innføring i førstehjelp og overlevingsteknikk, og utdelt oversikt over kva planter og dyr som kunne etast og ikkje, og kva artar som var freda.

– Nokre av dei, ein type for eple på storleik med ei plomme, var så giftige at éin av dei kunne drept alle oss tolv. Det var òg vegetasjon med piggar, som låg på bakken, som hadde dødeleg gift.

Dei einaste forsyningane deltakarane fekk var av teknisk art, kvar morgon blei nye batteri til kamera og lydutstyr levert i ein koffert på stranda, mens deltakarane hadde trekt seg vekk. Dei fekk ingen kontakt eller samtalar med utanforståande.

Om dei fann frukt som ikkje sto nemnd i det laminerte heftet, kunne dei legga desse ved batteria og få «nei» eller «ja» som svar på om desse kunne etast. Dei fekk alltid nei.

– I starten handla det om å koma seg gjennom jungelen og ut til ei strand som var god å bygga leir ved. Jungelen var utruleg tett! Og så måtte vi finna vatn som vi kunne reinsa og drikka. Det vatnet vi fann var misfarga så det såg ut som iste, og smakte så dårleg at eg til slutt måtte halda pusten før eg drakk.

Den spennande kampen

Det var ikkje berre camp og vatn det måtte bli ei ordning på, det var konstant jakt på å finna noko å eta.

– Det var vanskeleg både å bevega seg rundt på øya og å finna mat. Vi hadde, grunna tryggleikskrav, ikkje lov å klatra høgare enn to meter, så mange kokosnøtter var utanfor rekkevidde. Sjøen var småskummel å svømma i, med enorm forskjell på flo og fjøre, og mykje straum.

Kva kunnskap deltakarane sat på varierte. Korleis dei hadde det då dei var svoltne var òg ulikt.

– Det er naturleg å tenkja at du sparer energi ved å halda deg i ro. Sjølv følte eg meir overskot då eg kombinerte kvile med aktivitet, det var til hjelp å ha noko å gjera på.

– Kva kan sjåarane gle seg til?

– For det første er det idylliske omgjevnadar, spennande dyreliv, eksotiske matrettar og ekte kamp om å klara seg sjølv, for det andre byr programmet på samtalar, løysingar og diskusjonar oss i mellom.

– Eg har fått mange venar der inne, og ingen gjekk frå øya som fiendar, men det kan alltid oppstå kranglar når nokon bur lenge saman, spesielt når alle er konstant svolten.

Tysdag denne veka var alle deltakarane samla på TV2-huset på Karl Johan for intern førpremiere.

– Det var utruleg kjekt å sjå alle igjen, og å få sjå dei to første episodane. Eg synest det var veldig bra laga til, og programleiar Espen Simonsen gjer ein god jobb.

Måndag 1. januar er det premiere. «Øya» kjem til å gå på TV2 klokka 20.00, før Kjendis-Farmen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.