Kultur | 20. feb. 2012

Fisk og fotball

– Dei hadde kvar sine interesser, seier Odd Olav Nøss etter å ha undervist i kunst for alle dei rundt 250 fjerdeklassingane i Os. I helga var det utstilling.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. feb. 2012 08:54

Bildeserie:

Leah Lekven og Stine Eidsvik Flint. (Foto: KVB)
Leah Lekven og Stine Eidsvik Flint. (Foto: KVB)
240 skulpturar fint dandert i gymsalen på Os skule.  (Foto: KVB)
240 skulpturar fint dandert i gymsalen på Os skule. (Foto: KVB)
Øyvind Gjerde ønskte velkomen.  (Foto: KVB)
Øyvind Gjerde ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Kunstnar Odd Olav Nøss og kultursjef Lisbeth Axelsen.  (Foto: KVB)
Kunstnar Odd Olav Nøss og kultursjef Lisbeth Axelsen. (Foto: KVB)
Hjarte var det fleire av, men ingen var like.  (Foto: KVB)
Hjarte var det fleire av, men ingen var like. (Foto: KVB)
Skulpturane var sortert etter skule.  (Foto: KVB)
Skulpturane var sortert etter skule. (Foto: KVB)
Grei melding.  (Foto: KVB)
Grei melding. (Foto: KVB)
Maritimt - også i Strøno.  (Foto: KVB)
Maritimt - også i Strøno. (Foto: KVB)
1 av 8

Ved hjelp av Den kulturelle skulesekken har Os kommune fått til eit prosjekt der kunstnar Odd Olav Nøss i seks-sju veker har undervist alle dei rundt 250 fjerdeklassingane i Os.

SJÅ VIDEO NEDST I ATRTIKKELEN

– Eg har kjørt bygda på kryss og tvers kvar dag, det blei nokre kilometer, humrar Nøss, som seier han allereie har takka ja til å gjera det same ein gong til, om sjansen byr seg.

Alle skuleelevane har fått 2 x 2,5 time kunstundervisning av Odd Olav.

– Dei byrja med å teikna det dei ville laga. Så forma vi strengen etter streken før vi reiste den opp og dekorerte den, forklarer Nøss.

– Det var lett for at vennegjengar ville laga same tingen, så eg prøvde å setja dei på sporet av mest mogleg ulike ting. Og det varierte litt frå skule til skule, kva ei ville laga. På Kuventræ gjekk det litt i fotball, i Øyane og på Strøno var det mykje maritimt.

I helga blei skulpturane deia stilt ut samla i gymsalen på Os skule. Utstillinga var open både laurdag og søndag.

VIDEO (02:23): Vernissasjen blei innleia av Stine Eidsvik Flint og Leah Lekven på kornett. Øyvind Gjerne frå Os kommune, som har leia prosjektet, sa så nokre ord før kunstnaren og kultursjef Lisbeth Axelsen overtok.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.