Hlynur Freyr Vigfusson held på å innreia fiskebutikk i Byvegen. Han har mål om å opna i september. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fiskar frå Island opnar fiskebutikk i Elvebakken

Hlynur Freyr med mannskap fiskar over 500 tonn i året. – Eg vil at folk skal få oppleva den unike kvaliteten frå linefiske.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Hlynur Freyr Vigfusson har jobba som yrkesfiskar sidan han var 16 år. For ti år sidan flytta han til Noreg, dei siste tre åra har han drive fiske frå eigen båt.

– Eg kom til Noreg då eg fekk to born med ei norsk dame. No har eg fire søner, og eg er glad eg kom til Noreg.

No bur han på Strøno med kone og ungar frå 12 til 18 år.

Har fem tilsette og ledig tid

– Det er mykje som er enklare her, ikkje minst det å driva som fiskar. På Island er det nokre få som eig alt, det er umogleg å koma seg på feltet med eigen båt.

Med den 36 fot store sjarken «Isbjørn» fiskar Freyr med mannskap 500-600 tonn fisk i året. No vil han selja noko av fisken sin, og annan sjømat, frå eigen butikk.

– Vi er tre fiskarar om bord når vi er ute, til saman er vi seks som jobbar på «Isbørn». Eg er heime seks månadar i året, då er det godt å ha noko meiningsfylt å gjera når du er i land.

– Unik kvalitet på linefiske

«Isbjørn» fiskar med autoline med 14.000 krokar. På éin tur tar dei gjerne 6 til 12 tonn med torsk, hyse, kveite, brosme, lange og litt breiflabb.

– Fisken blir bløgga med det same den kjem om bord, så går den rett i isvatn. Fisk frå linefiske har ein heilt annan kvalitet enn fisk tatt med snurrevad og annan not. Dette har marknaden og sluttbrukaren, også nedover i Europa, blitt meir og meir klar over.

– Her i bergensområdet synest eg det er vanskeleg å få tak i god, fersk fisk, og det som er for sal har nokre svimlande prisar. I butikken min vil eg by på fisk frå eige fartøy. Fisken må innom mottak, men blir merkt. I tillegg vil eg få inn fisk og skaldyr frå andre, blant anna nokre av dei 20 kameratane mine som fiskar saman i Vesterålen.

«Mannen med fisken»

Freyr seier han blir mobba av kameratane heime på Island, som har gjeve han same kallenamn som bestefaren hadde, «Mannen med fisken».

– Eg er brennande opptatt av fiske og av fisk som mat. Eg er glad i røykt fisk, som eg får tak i frå ein god leverandør her i Bergen, og eg liker å laga fiskemåltid sjølv. Det er mange ungar som ikkje har ete fisk før eg lagde til eit skikkeleg fiskemåltid til dei.

Under marknadsdagane på Os, som startar i morgon, vil han stilla ut for å visa seg fram før butikken opnar.

Opnar etter sommaren

Då den islandske fiskaren, som òg har hatt seg nokre kontordagar i gründerparken til Os kommune, ville ha lokale, blei det ein samtale han sjølv synest er morosam.

– Eg var interessert i å leiga lokale i bygget ved Byvegen, nær Rema Kuven stasjon. Då eg ringte huseigar sa han «nei, vi skal ikkje leiga ut. Men kva vil du driva med?».

– «Fiskebutikk», sa eg. «Ok, sa han».Eg trur han liker fisk, han er uansett ein veldig hyggeleg kar, seier fiskaren om Gudmund Fløysand.

Innreiinga av lokalet, der Lilleballong heldt hus før dei flytta til Os sentrum, er godt i gang.

– Men det vil ta litt tid, eg skal jo driva fiskebåten òg. Målet er å opna 20. september, men eg kan førebels ikkje lova noko dato.

Ei familieverksemd

Når butikken opnar blir det med ein skjerm der bilde frå fisket skal rulla og gå, og eit bord med fiskeriblad og ei kaffikanne.

– Blir det også sal av ferdige rettar, at folk kan setja seg ned og eta?

– I første omgang blir det ein rein fiskebutikk. Det er mogleg at vi seinare kan legga til rette for noko påsmurt, men når det kjem til servering er det nok ein del krav vi må setja oss inn i og innfri, om det skulle bli akuelt. 

I utvalet kjem fisk, krabbe og kongekrabbe. Freyr vil òg selja nokre islandske spesialitetar, både for islendingar som bur i Os og bergensområdet, og for osingar som vil prøva ein ny vri.

– Det blir ei familieverksemd. Både kona og dei fire gutane vil hjelpa til.

– Kva skal butikken heita?

– Fiskebutikken! Kona lo av meg då eg bestemte meg for namnet, men eg synest det er greit å gjera det enkelt.

Fleire saker