Lokal | 25. mars 2019

Fjellheim: Avviser bod på 6 millionar kroner

Takkar nei til nok eit bod frå Glass & Tre AS. – Det har òg kome ein ny aktør på banen.

Fjellheim: Avviser bod på 6 millionar kroner
Bodgjevar vil driva Fjellheim vidare som kulturhus, men Os kommune vil ikkje selja for 6 millionar kroner. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. mars 2019 10:37

Etter å ha fått avvist eit bod på 5 millionar kroner kom Glass & Tre AS, ved Rolf Lunde, i førre veke med eit høgare bod på 6 millionar kroner.

Lunde har konkrete planar om å driva Fjellheim vidare som kulturhus.

• Les òg: Fjellheim-forhandlingane: Plan og perspektiv

I dag har eigedomsutvalet i Os kommune, ved Terje Søviknes (Frp), Marie Lunde Bruarøy (H) og Nils-Anders Nøttseter (MDG) hatt møte for å vurdera bodet.

– Vi avviser bodet då det er for lågt i forhold til både takst og prisantyding, seier Søviknes til Midtsiden.

Takst er på 7 millionar, prisantyding er på 10 millionar kroner.

– Det har dessutan kome ein annan aktør på banen, legg han til.

Ordføraren vil ikkje kommentera kva formål vedkomande interessent har med eigedomen.

Avgjerda i eigedomsutvalet var også denne gong samrøystes.

– Vi gir oss

Rolf Lunde hos Glass & Tre AS seier dei ikkje vil gjera fleire forsøk på å få kjøpt Fjellheim.

– Dei seier dei har andre interessentar. Interessentar er det til alt mogleg, men dei har altså ingen andre bod. Men det er ikkje opp til oss å meina noko om avslaget. Vi har andre ting å gjera på, seier Lunde.

Han kommenterer samtidig at han på vegne av osingane synest det er synd.

– At eit bygg som Fjellheim, sentrumsnært og synleg, blir ståande tomt og ubrukt i så mange år, er trist. Eg har heller ikkje tru på at dei får selt det til noko øgare sum i nær framtid.

– Bygget er nesten verdilaust slik det står no, med kostnad til riving og innfriing av rekkefølgekrav med bygging av rundkøyring. Men det er verdt nokre millionar om formålet er vidare drift, eit tiltak som vil vera relativt enkelt å gjennomføra.

– Kommunen burde saksøkt den som har sett 7 millionar som verdivurdering på eigedomen, meiner Lunde.

– Korleis vil du reagera om kommunen i nær framtid sel til same pris til nokon som vil riva for å bygga bustad?

– Det er deira eigedom, dei får gjera kva dei vil. Eg har berre hatt dialog med meklar, og ikkje drive noko form for lobbyverksemd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.