Næringsliv | 22. apr. 2019

Fjerde generasjon Bjørø dobla i nytt lokale

– Det var ein milepæl for oss, seier Jo Inge Bjørø om investering i ny verkstad til det 117 år gamle selskapet oldefaren starta.

Fjerde generasjon Bjørø dobla i nytt lokale
Jo Inge Bjørø ville eigentleg bli tømrar, men marknaden var så dårleg då han var lærling at han byrja å jobba i familiefirmaet. Det har han ikkje angra på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. apr. 2019 08:33

Bildeserie:

Svennebrevet til grunnleggar Ingrebrigt M. Bjørø.
Svennebrevet til grunnleggar Ingrebrigt M. Bjørø.
Visittkortet fortel at telefonnumeret var 16.
Visittkortet fortel at telefonnumeret var 16.
– Ein milepæl, fortel Jo Inge om flytting til ny verkstad i 2006. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Ein milepæl, fortel Jo Inge om flytting til ny verkstad i 2006. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei siste seks åra har stallen auka frå 5 til 10 tilsette. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei siste seks åra har stallen auka frå 5 til 10 tilsette. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fleire av maskinene frå 1902 er framleis i dagleg bruk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fleire av maskinene frå 1902 er framleis i dagleg bruk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andre maskiner har kapasitet som er unik i bergensområdet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andre maskiner har kapasitet som er unik i bergensområdet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fredrik Pedersen besto svenneprøven i mars. Snart skal Bjørø ha fleire lærlingar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fredrik Pedersen besto svenneprøven i mars. Snart skal Bjørø ha fleire lærlingar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 7

I 1899 tok Ingebrigt Martin Bjørø svennebrev som blikkenslager, i 1902 starta han firmaet I. Bjørø Blikkenslagerverksted. Telefonnummeret var 16. To siffer var nok på den tida.

– Vi er nok blant dei eldste selskapa i Os, kanskje det eldste etter Solstrand, seier eigar og dagleg hos I. Bjørø Kobber & Blikk AS, Jo Inge Bjørø.

Christian Michelsen, som blei statsminister i 1905, bygde Solstrand hotell berre 6 år tidlegare, og det var framleis 9 år til Askvik-familien starta firma for å bygga Askeladden.

Frå finanskkrise til familieforetaket

Blikkenslagerverkstaden har gått i arv frå Ingemar til Håkon og vidare til Inge Tor Bjørø. Også Jo Inge valte handverkarfag, men satsa som tømrar for brørne Bøe då han var ferdig i militæret.

– Dette var i slutten av 80-talet. Timinga var ikkje god. Jappetida var over og finanskrisa kom for fullt.

– Det eine året eg var lærling blei det berre bygd éin einaste einebustad i Os, fortel Jo Inge.

Han la frå seg spikerbeltet og byrja å jobba med faren. Parallelt har Jo Inge dyrka hobbyen sin, seglflyging, i mange år. Der blei det ei rekkje NM-titlar.

Nybygg og tilbygg

– Fleire av maskinene frå 1902 er framleis i dagleg bruk, dei gjer rett og slett ein betre jobb enn moderne maskiner.

Moderne maskiner er det likevel plass til i verkstaden i Kolskogheiane.

– Vi klarte oss med den vesle verkstaden i Os sentrum òg, men det er naturlegvis ein heilt annan kvardag no.

I 2006 flytta dei frå ein verkstad på storleik med ein garasje, i foreldra sin hage midt på Osøyro, til sitt eige nybygg på 520 + 200 kvadratmeter i Kolskogheiane. Seinare har dei fått eit tilbygg på nye 200 kvadratmeter.

– Det var ein milepæl! Eg har ikkje angra eitt sekund, seier Jo Inge.

Brei fagkompetanse

Saman med betre plass og enklare prosessar på verkstaden, har firmaet vakse. Dei siste seks åra har bemanninga auka frå 5 til 10, og også omsetnaden har dobla seg på omtrent same periode.

– Vi har brei fagkunnskap i arbeidsstyrken vår, frå automatikar til erfarne tømrarar. Det passar bra, vi er innom fleire fag i jobben vår. Vi har naturlegvis òg fleire faglærde blikkenslagarar. Nyleg har to av dei fått svennebrev, fortel Jo Inge.

Éin av dei, Fredrik Pedersen, deltok i NM for lærlingar i haust og fekk 4. plass. I mars fekk han svennebrev.

– Vi har éin lærling til, og kjem snart til å sjå etter ein ny, fortel Bjørø.

Skreddersøm og solenergi

Både firma og privatpersonar er blant kundane, og oppdragar varierer frå store ventilasjonsanlegg, taktekking og legging av heile tak til enkle småvarer til privatkundar.

– Mange skal ha seg eit komplett pipebeslag, der heile den gamle skorsteinen blir kledd inn, andre har ein liten del som skal skiftast ut. Sjølv om vi driv i litt større skala no, så tar vi imot dei som svinger innom og treng rask hjelp med småting. Då lager vi gjerne vara på mål mens kunden ventar.

Dei siste åra har Bjørø jobba stadig meir med å fanga solenergi.

– Som med varmepumper er folk opptatte av kva nedbetalingstid det er på eit solcelleanlegg. Då liker eg å samanlikna investeringa med å ha pengar i banken. Har du 100.000 kroner i solcellepanel så sparer du gjerne 10.000 kroner i året på straum. Står tilsvarande sum i banken så får du berre ein brøkdel i renteinntekter.

– Vi er forhandlar for ein norsk importør, men jobbar òg med eigenutvikla solfangarar. Det vil skje ein del på denne fronten framover, fortel fjerde generasjon Bjørø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.