Fjernar badebrygga i Mobergsvikjo

Friluftsrådet fryktar badeulykke.

Badebrygga i Mobergsvikjo er svært populær på varme dagar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 05. juli 2020 10:42

Bergen og omland friluftsråd (BOF) fjernar tre badebrygger i bergensområdet.

Årsaka er frykt for badeulykker etter at fleire badeflåtar andre stadar i landet har blitt velta.

– Frykta vår er at nokon skal skada seg alvorleg, seier administrativ leiar i BOF, Dag Setre, til NRK Vestland.

Dei fjernar no badebryggene i Tennebekkstjernet, på Krohnegården badeplass og i Mobergsvikjo. Andre skal bli overvaka.

Blei velta for to år sidan

Midtsiden kjenner ikkje til at brygga i Vikjo har vore velta eller herja med i årets sesong, men det er ikkje lenge sidan sist.

Badebrygga blei velta med vilje av ungdomar i 18-20-årsalderen sommaren 2018. Ein ung gut blei lettare skadd.

I forkant skal dei har svart med ein frekk tone då vaksne ba dei gi seg med å vugga brygga fram og tilbake.

I 2016 blei stupebrettet knekt.

I 2016 blei stupebrettet knekt.

Det er berre i Os dette skjer, sa BOF for fire år sidan.

Tryggare alternativ

Ei løysing for Os, og andre stadar, kan vera ei senterfesta badebrygge.

Wee Marine lanserte den vesle badebrygga «Bahamas» i mai i år. Den er konstruert i betong med innstøypte flyteelement, og med senterplassert og beskytta kjettingfeste.

I mai lanserte Wee Marine den senterfesta badebrygga «Bahamas». (Foto: Weegruppen)

Flytebrygga er utvikla og produsert i samarbeid med Etnebrygga, og kjem i tre ulike storleikar.

Prisen er frå 32.000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.