Lokal | 09. nov. 2012

Flaumvarsel og stengt veg

NVE varslar flaum, Yr melder 69 mm (!) nedbør laurdag og Os kommune stenger Søvikåsen.

Flaumvarsel og stengt veg
Oselvo i dag. I helga skal elva bli høgare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. nov. 2012 11:35

Fredag sendte NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) ut flaumvarsel for Hordaland og Rogaland.

"Mye vann i bakken, kombinert med intens nedbør, gir økt sannsynlighet for jordskred. Dette gjelder spesielt i terreng med bratte skråninger, og langs elver og bekker med stor vannføring" skriv NVE.

– Som følgje av varselet stenger vi Ole Bulls veg over Søvikåsen. Bommane går ned i ettermiddag, seier teknisk sjef i Os kommune, Haldor Fosse til Midtsiden.no.

Yr.no melder 12-19 mm nedbør å dagtid fredag, 10-17 mm i kveld. For laurdag melder Yr heile 69 mm nedbør i Os.

Storm.no er rimeleg samstemt melder 58,5 mm nedbør laurdag.

Søndag og måndag skal bli noko tørrare, men det er meldt nedbør i form av regn kvar dag gjennom heile neste veke.

Det er for tida flo i 6/18-tida, men det er ikkje meldt spesielt høg flo desse dagane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.