Samferdsle | 12. sep. 2025

Oppdatert: Kø forbi kafeen

Skal du ut å reise i fredagstrafikken? Då kan det vere verdt å merke seg kortid ferja går.

Oppdatert: Kø forbi kafeen
Ferjebilete frå ein augustdag. Bilete frå Ramsholmen. Foto: Marie Kroka / Midtsiden
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokafredag 12. sep. 2025 13:01 - Sist oppdatert 12. sep. 2025

Torghatten melder om to innstilte avgangar på ferjesambandet Halhjem - Sandvikvåg i dag, fredag 12. september.

Dette gjeld avgangen klokka 13.20 frå Halhjem og 15.00 frå Halhjem.

– Dette skuldast tekniske problem med MF Bømlo, skriv Torghatten.

– Det blir arbeidd med å få fartøyet i drift att frå klokka 16.40

Oppdatering fra Trollhatten for ettermiddagen:

Ferja som skulle gått frå Halhjem klokka 18.20 er også innstilt.

Oppdatert kl 17.45: 1018 Halhjem - Sandvikvåg: Det har dessverre oppstått innstillinger på en eller flere avganger på ruten, skriv Vegtrafikksentralen på X.

Samtidig fortel tipsar om kødanning på E39. Køen går inskrivande stund forbi Halhjem Kafé.

Kart: Google Maps
Kart: Google Maps

Oppdatert klokka 20.50 med nyheiter av det gode slaget.

Avgangen frå Halhjem klokka 20.10 og frå Sandvikvåg klokka 21.00 som tidlegare blei kansellerert, går som normalt.

Det er normale ruter på sambandet frå klokka 21.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om