Lokal | 15. des. 2012

Fleire båtar knust i vinden

Fredag kveld og natt til laurdag var brannvesenet på redningsoppdrag både ved Os Sjøfront og på Hatvik.

Fleire båtar knust i vinden
Brannvesenet er tilbake i Hatvik for å prøva å berga mest mogleg etter vinden som herja i natt og i morgontimane. (Lesarbilde. Foto: Heine Øvredal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. des. 2012 09:26

Laurdag i 23-tida fekk brannvesenet melding om båtar som såg ut til å ligga laus i marinaen utanfor Os Sjøfront og Oseana.

– Det ar mykje vind og høge bølgjer, fortel Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Brannvesenet sikra seks båtar og fekk tak i eigarane til fire av dei større båtane i hamna.

– Vi fekk tatt fleire båtar innanfor gamlemoloen i den nye hamna.

Ein av båtane som er skadd er ein Princess på 42 fot.

– Vi frykta at den skulle gå ned og ta med seg heile bryggesystemet. Men vi fekk hjelp av redningsskøyta til å berga båten.

I 5.30-tida laurdag morgon kom melding om fleire forliste båtar på Hatvik.

– Her hadde to båtar gått ned og ein annan låg og banka mot land.

– Men det var så ekstreme forhold at vi ikkje kunne utføra nokre tiltak utan for høg risiko.

Brannvesenet er no på veg til Hatvik igjen med pumpe, for å sjå om båten som låg og banka mot land let seg berga.

– Ver varsam om du skal ut og sikra båten din i dag! Hugs redningsvest, seier politibetjent Tom Johannessen.

Politiet sperra i går av hamna utanfor Os Sjøfront for å unngå at folk bevegde seg ut på moloen og bryggene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.