Skeisosen i dag. Temperaturen har auka, men store delar av strandlinja er framleis innestengt av is. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Fleire båteigarar kan få problem

Anten båten din har lagt på sjøen eller stått heime i hagen - dette bør du passa på når du startar motoren etter vinteren.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter over ei veke med temperaturar ned mot 18 kuldegradar er det i dag plussgradar i Os. I veka som kjem skal temperaturen halda seg frå 4 minus til 4 pluss.

Men det ligg framleis mykje is i fleire båthamner, som Skeisosen, der store delar av kystlinja er innestengt av is.

– Isen var 8 cm nær land og 10 cm lengre utpå, fortel båteigar Jahn Ingolf Lyssand.

Då han og naustnaboane var ved sjøen for å gjera tilpassingar som skåner flytebrygge og utriggarar for skadar tok han sjølv ein spasertur på islagt sjø.

– Det har stort sett gått greit her inne, men det har vore nokre fiskarar som har vore rastlause etter å koma seg ut, og ein stor arbeidsbåt som prøvde å laga råk, men som òg møtte motstand.

Kjem seg ikkje på verkstad

Morten Tøsdal hos TN Motorservice AS på Halhjem seier at han har kundar som både førre veke og denne veka har vore hindra frå å få båten til verkstaden hans til avtalt tid.

– Både i Hauglandssjøen, ved Os Sjøfront og lengre inne i Naustvågen, her som vi held til, har kundar frose fast og avtalte servicer og reparasjonar blitt utsett, fortel Morten.

– Vi har hatt ein veldig travel vinter, men førebels ikkje noko relatert til kulde, anna enn at det har blitt ein del telefonar frå folk som vil ha tips til korleis dei tar vare på båtmotorane i sprengkulda.

Anten du har båten din på sjøen, i eit naust eller heime i hagen er det enkelte ting du bør passa på når du skal bruka båten igjen etter den kalde vinteren.

– Kan bli øydelagt på få minutt

På same måte som det kvar vinter er folk som ringer og vil ha tips, kjem det nærmast kvar vår nokon som har fått båtmotoren øydelagt av frost.

– Mange med innanbordsmotor spyler gjennom kjølesystemet med ferskvatn, men fyller ikkje på kjøleveske. Så blir ferskvatn ståande i motoren, og når kulda kjem lager isen skade.

– Påhengsmotorar har god drenering når motoren står nede, men mange med påhengsmotor er ivrige med å tilta denne opp med det same dei legg til land. Då får ikkje vatn rent ut. Samtidig, når motoren er tilta opp, aukar faren for at impellerhuset (som pumpar sjøvatn inn til kjølesystemet) fryser.

Dette bør du sjekka når du startar opp igjen motoren etter vinteren:

• Påhengsmotor: Sjå at motoren får kjøling, altså at det kjem ei stråle med kjølevatn ut av motoren og ned i sjøen. Viss ikkje, stopp motoren med éin gong!

• Innanbords: Etter at du har starta opp, sjå at ikkje det lekk vatn ut av motoren. Det kan vera teikn på at for eksempel varmevekslaren er skadd av is.