Lokal | 13. feb. 2012

Fleire bilinnbrot

Stal skilt frå bil på Søre Neset, braut seg inn i to bilar på Solstrand. Skadeverk på bil i sentrum.

Fleire bilinnbrot
illustrasjonsfoto: Kjetil Vasby Bruarøy.
Andris Hamremåndag 13. feb. 2012 11:11

Politiet fekk i helga fleire meldingar om innbrot i bilar.

- På Søre Neset blei skilta stole frå ein bil.

- I tillegg har dei rota eindel inne i bilen og tatt med seg noko verkty, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik om innbrotet laurdag/natt til sundag.

Laurdag fekk også to bilar parkert ved Solstrand ubedne gjester.

- Er det ein samanheng mellom innbrotet på Søre Neset og dei to på Solstrand?

- Det er det for tidleg å seie noko om, men vi ser alltid etter linkar mellom lignande saker.

Ønskjer tips

Sperrevik fortel at dei tidlegare i veka fekk inn ei anmelding av skadeverk på ein bil parkert nedanfor Os ungdomsskule.

- Måndag 6. februar har nokon knust bakruta på ein bil som sto parkert der.

- Om det er nokon som å opplysningar, eller som har sett noko, er vi svært interessert i at dei kontaktar oss, avsluttar politioverbetjenten.

:Lensmannskontoret når du på 56 30 39 00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.