Fleire comeback på damelaget
Malin Hjelle Berentsen steppar inn for veslesøster Line, men er ikkje det einaste comebacket på Os, som startar serien på heimebane laurdag.
Handballdamene til Os har hatt den svakaste oppkjøringa til sesongstart på mange år, og mista både fleire sentrale spelarar og, på seinsommaren, avslutta samarbeidet med ny trenar, Jesper Svensson.
Men det betyr ikkje at dei står utan instruksjon, rutine eller kamplyst til seriestart mot Stord i Oshallen laurdag (kl 16).
Gitte tok tak
Under Os Turn sin idrettsgalla tidlegare i år gjekk det ein pris til jenter 99-trenar Gitte Torp for sin innsats for jentene og klubben.
Og det var nettopp Gitte som tok tak då damene brått sto utan trenar.
– Eg kunne ikkje sitja å sjå på. Det krev sitt å ha to 99-lag, eitt 98-lag og damelaget, men det går, seier Gitte, som har Trenar 3-utdanning.
– Det har gått kjempefint og vi synest det er kjekt å ha ein kvinneleg trenar, seier spelar Madeleine Hjertnes.
– Vi var på det meste ti spelarar på trening i sommar, men dei siste vekene har vi vore ei god gruppe, legg ho til.
Fleire comeback
Line Hjelle Berentsen skåra 15 mål i siste serierunde i vår, men følgjer trenar Erlend Lyssand til Fana i 1. divisjon denne sesongen.
I tillegg er har Irene Tangerås lagt opp og Emilie Hjertnes og Maria Stangeland Lunde blitt gravide.
Men det betyr ikkje at Os, som måtte trekka 4. divisjonslaget sitt grunna spelarmangel, stiller utan rutine i 2. og 3. divisjon.
Keeper Vibeke Ingebrigtsen er med vidare, det same er Madeleine Hjertnes, Elise Hjelle, Marte Øvreeide, Mona Stigen Heggeland, Silja Espelid Lunde og Malin Lunde Fosen.
I tillegg er desse tilbake på andredivisjonslaget: Tonje Hjertnes, som hadde pause i fjor, men var fast på D2 åra i forvegen, veteran Hilde Kristine Røttingen, Vilde Brattabø, som var ute med skade, og Malin Hjelle Berentsen, som la opp i 2010, men var med på å rykka opp frå 5. til 4. divisjon med Os 3 i vår.
– Eg er ikkje heilt i form til 2. divisjon enno, men fann ut at det var på tide å trappa opp no når det er behov for fleire, seier Malin, som er ein av dei som er med i troppen til serieopninga laurdag.
Nokre debutantar i løpet av sesongen kan det også bli.
– Vi har to veldig talentfulle jenter som fylte 16 år tidlegare i år, Anna Lekven Kolskogen og Astrid Hilland Lærum. Dei skal få prøva seg på seniorhandball denne sesongen, først i 3. divisjon, men det er ikkje umogleg at dei også får debutera på førstelaget, seier Torp.
Her er troppen til serieopninga laurdag: Vibeke Ingebrigtsen (keeper), Ann Kristin Lyssand (keeper), Madeleine Hjertnes, Tonje Hjertnes, Elise Hjelle, Marte Øvreeide, Hilde Kristine Røttingen, Mona Stigen Heggeland, Silja Espelid Lunde, Renate Sperrevik, Malin Lunde Fosen og Malin Hjelle Berentsen.
Herrelaget speler sesongens første kamp borte mot Kjøkkelvik 2 søndag (kl 20.30).