Tilbygget går over to etasjar og gir 250 nye kvadratmeter på Smiegården. (Foto: KVB)
Tilbygget går over to etasjar og gir 250 nye kvadratmeter på Smiegården. (Foto: KVB)

Fleire endringar hos Jernia Sælen

I 2010 utvida dei med 100 kvm - fredag er nye 250 kvadrat ferdig.

Kjetil Vasby Bruarøy
26. februar 2020 - 12:39

Etter at Os Reisebyrå flytta opp ein etasje i 2010, utvida huseigar, familien Sælen, Jernia-butikken med 100 kvadratmeter.

I august i fjor fortalte dei om planar om tilbygg på 250 kvadratmeter, fordelt over to etasjar på baksida mot Baronselva.

– Byggeprosessen har gått som planlagt. Byggmester Skaatun sitt mannskap har rett nok måtta ta nokre økter med overtid, for at alt skulle gå i hop med ulike underleverandørar, men vi kjem i mål til opning fredag, seier dagleg leiar i Paul M Sælen & Co AS, Paul Sigurd Sælen.

Snuoperasjonen

Eit av dei meir spennande elementa i samband med tilbygget, var å snu den store ståltrappa i eksisterande butikk. Sånn at den i aukande grad skal invitera kundane opp til butikk og utstilling i andre etasje.

Trappa er snudd for auka bruk av andre etasje. (Foto: KVB)
Trappa er snudd for auka bruk av andre etasje. (Foto: KVB)

Då blei eit anna Sælen-firma kontakta, smeden Johs Sælen & Sønn stilte på «super-søndag» på Osøyro.

– Dei stilte med ein smart svenske som hadde planen klar. Trappa blei fira ned på golvet, og med knappe marginar køyrd slalåm mellom søylene til den var snudd og kunne løftast opp igjen, fortel Paul Sigurd.

Skarpare butikkdrift

Med auka areal har fleire varegrupper fått eigne avdelingar og meir ryddig eksponering. Det har òg blitt plass til både auka sortiment i fleire varekategoriar - og ei meir praktisk innreiing.

– Vi har fått malinga bort til kassen. No kan vi hjelpa fleire kundar mens malinga står og blandar seg.

Kjøkkenavdelinga har fått plass i det nye arealet i første etasje, i andre etasje blir det omnar og supplerande utstilling av alt frå grasklipparar og høgttrykkspylarar til omnar og knivsliping.

– Vi har flytta nøkkelsliping opp. Knivsliping er einyare teneste mange nyttar seg av. Har du ein dyrare kniv er det greit å halda den skarp i staden for å kjøpa ny.

Ny mannskap og ny verkstad

Saman med utvidinga av arealet har Sælen styrka stallen med ein erfaren og allsidig serviceteknikar.

Nils Georg Bøe er utdanna landbruksmaskinmekanikar, og har «skrudd på det meste», ved sidan av at han har jobba med utleige av maskiner.

– Service og reparasjonar er framleis ei viktig del av butikken, utstyret kundane kjøper skal fungera i mange år. Vi er heldige som har fått med oss Nils Georg.

Sjølv er han glad for, etter ni år med jobb i by'n, å få jobba i heimbygda igjen.

Paul Sigurd og Nils Georg innreier i rekordfart fram mot fredag. (Foto: KVB)
Paul Sigurd og Nils Georg innreier i rekordfart fram mot fredag. (Foto: KVB)

Saman med Sælen-gutane får han boltra seg på ny verkstad i første etasje, med både grovare verkstad innanfør ny garasjeport, og meir finmekanikk i rommet innanfor.

Butikken har halde ope under heile ombygginga, men har ei markering fredag og laurdag, når det meste er ferdig.

Bildeserien under er synleg for pålogga abonnentar.

Les meir om

Næringsliv Eigedom Handel