Lokal | 25. jan. 2012

Fleire er blyforgifta!

Er Oselvo forureina? I går blei svanefar sleppt fri etter behandling av blyforgifting. No viser det seg at han ikkje er den einaste i flokken med høgt blynivå i blodet.

Fleire er blyforgifta!
Desse to svaneungane blei det tatt blodprøve av. Den eine prøven inneheldt for lite blod til å ta prøve, den andre viste like mykje bly som svanefar hadde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. jan. 2012 13:58

Tysdag, etter 15 dagar på land for behandling av det som viste seg å vera blyforgifting, blei svanefar Hamnesjefen sleppt fri.

Mor og fire av dei fem ungane deira låg og venta på han, og gensynsgleda var stor.

LES MEIR OG SJÅ VIDEO

Men gårsdagen var ikkje berre gledeleg for dei som har følgt helsetilstanden til svanefamilien.

Like mykje bly som svanefar

Ornitologane har hatt to av ungane på land for å ringmerka dei. Samstundes blei det tatt blodprøve.

– Den eine prøven hadde for lite blod, så den blei ikkje analysert.

– Den andre prøven viste like høge konsentrasjonar av bly som svanefar hadde, fortel veterinær Eva Kristin Lunde frå Osøyro Dyreklinikk.

Er elva forureina?

Lunde har stilt opp gratis for svanefamilien. No fryktar ho at Oselvo kan vera forureina.

– Svaneungen har ikkje dei same symptoma som faren hadde, ved at den trekk seg unna eller ikkje tar til seg mat. Men det kan henda fleire i familien, eller alle, er blyforgifta. Og det kan henda at lakseelva vår, der svanefamilien held til, er forureina.

Brannsjefen ber ekspertar om hjelp

Os brannvesen, som tar hand om akutte forureiningssituasjonar i kommunen, har tidlegare engasjert seg i svanesaka, blant anna ved å hjelpa svanefar med å få ein sluk ut av nebbet.

No må dei på banen for å sjå etter kjelda til blyforgiftinga.

– Vi fekk først beskjed om at det som var mest vanleg årsak til blyforgifting hos sjøfugl var at dei hadde fått i seg eit blysøkke eller liknande.

– Når no fleire er forgifta må vi sjå nærmare på saka, og det er vi allereie i gang med, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Gjøsund vil no sjekka kva type prøvar som skal takast, som vatn og sedimentære prøvar, og han vil kopla inn fleire instansar.

– Mattilsynet og miljøavdelinga hos fylkesmannen, der dei blant anna har nokre fugleekspertar, er naturleg å kopla inn. Eg vil også høyra med Os jakt- og fiskelag, om det er tatt prøvar av fisk av den typen som kan avdekka blyforgifting.

– Det er ikkje lett å veta kva årsaka er, men denne saka må vi jobba vidare med.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.