Lokal | 07. aug. 2014

- Fleire er uskyldige

Statens vegvesen avskilta 12 bilar på to timar på Søfteland, men ser alvorleg på at fleire av bilistane er uskyldige og blir straffa for slurv frå bilverkstaden.

- Fleire er uskyldige
Statens Vegvesen hadde det travelt på kontrollsona på Søfteland. Her har dei akkurat byrja å kontrollera bilar i retning Os. (Foto: KMAL)
Kari M. Lyssandtorsdag 07. aug. 2014 12:10

Bildeserie:

Avskilta bilar i lang rekke. (Foto: KMAL)
Avskilta bilar i lang rekke. (Foto: KMAL)
1 av 1
Avskilta bilar i lang rekke. (Foto: KMAL)

Det blei fylt opp ei lang rekke med bilar på lomma ved kontrollsona på Søfteland i retning Bergen torsdag.

- Vi har vore her i eit par timar og tilsaman er 12 bilar avskilta, fortel Lars Harald Drange frå Statens vegvesen.

Med mykje fergetrafikk på E-39 er det ikkje uvanleg at mange blir stoppa her.

Ved hjelp av "fotobil", utstyrt med ein skiltgjenkjennar som på kort tid sjekker skiltnummera opp mot databasene, lukar vegvesenet kjapt ut syndarane.

- Fotobilen plukker ut bilar som står registrert med manglar hos oss.

4 handla i god tru

Av dei 12 bilane som blei stoppa, var 8 av dei grunna manglande EU-kontroll.

- Vi ser at folk er lite nøye med å følge opp både forsikringar, EU-kontroll og omregistrering, men vi ser også bilistar som er uskuldig.

Drange fortel at 4 av dei 8 som blei stoppa hadde hatt EU-kontroll, men at bilverkstadane deira ikkje hadde registrert at dei var kontrollert.

- Det er veldig kjedelig at verkstaden er grunnen til at ein blir avskilta, seier Drange som ser alvorleg på saken.

- Det er for dårleg

Lokalt er det to verkstadar som går igjen og desse vil bli rapportert inn til verkstadtilsynet hjå Statens Vegvesen.

- Det vil bli ei oppfølging av dei som slurvar, det er for dårleg at verkstadanee rotar det til for kundane sine.

Sjølv om ein har alt på det reine, står bilen på lista så blir den avskilta.

- Og det kostar bileigarane 1410 kroner å få ut skilta igjen, avsluttar Drange.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.