Lokal | 14. feb. 2021

Fleire funn av død hestmakrell i Os og på Tysnes

– Truleg naturleg død.

Fleire funn av død hestmakrell i Os og på Tysnes
Mobergsvikjo i dag. Ein kald og stille fjord kan ha skapt ferskvannsfeller som hestmakrellen har gått i. (Foto:
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. feb. 2021 08:48

Laurdag var det fleire personar som meldte om funn av mykje død fisk frå Mobergsvikjo til Bjørnatrynet.

Både politi og brannvesen blei varsla. Folk frykta miljøkriminalitet.

TV 2 intervjua Vemund Nordvik, som viste fisk funnen på Ferstadneset.

Arten som er funnen er hestmakrell.

Restefest i Mobergsvikjo i dag. Men skarven var ikkje invitert. (Foto: KVB)
Restefest i Mobergsvikjo i dag. Men skarven var ikkje invitert. (Foto: KVB)

Kan ha gått i ei ferskvannsfelle

BT fekk tips om funn av 100-200 døde fisk i Onarheim, sør på Tysnes, og har intervjua Leif Nøttestad, seniorforskar ved Havforskningsinstituttet.

Hans teori er at kulda og det stille vêret gjer at delar av fjorden ligg i sjikt, og at det er skilt ut eit lag med nesten reint ferskvatn mot overflata.

– Det er nok ei dødsfelle for hestmakrell om dei svømmer inn i vannmassar som både er veldig kalde og inneheld veldig lite salt, seier Nøttestad til BT.

Han understreker at dette berre er ei hypotese.

NRK omtalte liknande funn av hestmakrell i Vindafjorden i Rogaland 2011. Også 2011 var ein uvanleg kald vinter.

Hytteeigaren som blei intervjua fortalte om dialog med Havforskningsinstituttet, som hadde forklart at temperatur kan ha vore medverkande årsak, og viste til liknande tilfelle i 1992.

Vandrar frå varmare strøk

Hestmakrell blir òg kalla taggmakrell, og høyrer til i Afrika, Middelhavet og opp til 66 gradar nord (Os ligg på drygt 60 gradar nord).

Den kjem til Nordsjøen og Norskehavet etter gyting, og blir fiska på utanfor Norskekysten, blant anna av våre lokale fiskebåtar, Hargun og Røttingøy.

Fisken gjekk tidlegare i hovudsak til produksjon av mjøl og olje, men blir no òg selt til Asia.

  • Les meir om hestmakrell på hi.no
Det er gjort funn av død hestmakrell frå Os til Bjørnatrynet. (Foto: KVB)
Det er gjort funn av død hestmakrell frå Os til Bjørnatrynet. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.