Lokal | 17. jan. 2021

Fleire hus innestengt grunna vasslekkasje

Kolabakkane er utan vatn igjen.

Fleire hus innestengt grunna vasslekkasje
Bergen Vann er på staden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. jan. 2021 12:24

Laurdag kveld blei det oppdaga eit vassleidningsbrot i Kolabakkane.

Vatnet er stengt og vassvogn er sett ut, opplyser Bjørnafjorden kommune.

I tillegg er fleire hus innestengt grunna graving. Fotgjengarar kjem seg forbi via hagane til naboane.

– Vi har funne leidningen, men vi har framleis ikkje funne leidningsbrotet, seier maskinførar på staden i 12.40-tida.

Leidningen er funnen, men ikkje brotet. (Foto: KVB)
Leidningen er funnen, men ikkje brotet. (Foto: KVB)

Bergen Vann har hyra inn Løvaas Maskin til gravejobben.

Kolabakkane har vore utsett for ei rekkje leidningsbrot dei siste åra, blant anna i 2016, 2018 og 2019.

Denne gong er det lengre inne i vegen, ved hus nummer 12, så det er berre dei seks inste husa som ikkje kjem inn eller ut med bil.

OPPDATERT: Klokka 20.50 søndag kveld fortel kommunen at vatnet er tilbake, men at det er sendt ut kokevarsel.

Inste del av Kolabakkane er stengt for biltrafikk. (Foto: KVB)
Inste del av Kolabakkane er stengt for biltrafikk. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.