Lokal | 29. apr. 2019

Fleire innbrot i Osfest-lager

Ungdom observert. Store verdiar sakna.

Fleire innbrot i Osfest-lager
Innbrotsjuvane har kome seg inn ulike stadar frå veke til veke, denne gong ved å knusa glas i ei dør. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 29. apr. 2019 08:24

Bildeserie:

I denne eska låg 10 sett med til saman 20 walkietalkiar. Berre to var igjen etter innbrotet. (Foto: KVB)
I denne eska låg 10 sett med til saman 20 walkietalkiar. Berre to var igjen etter innbrotet. (Foto: KVB)
Tomflasker og vatn har blitt stole fleire gongar. (Foto: KVB)
Tomflasker og vatn har blitt stole fleire gongar. (Foto: KVB)
Leigetakarane har prøvd å sikra lokalet fleire gongar. (Foto: KVB)
Leigetakarane har prøvd å sikra lokalet fleire gongar. (Foto: KVB)
Ungdomane har lagt igjen fleire spor. (Foto: KVB)
Ungdomane har lagt igjen fleire spor. (Foto: KVB)
1 av 4

Søndag blei det oppdaga innbrot i Bøe & Lepsøy sitt bygg i Landboden, ved byggeplassen til Os ungdomsskule sitt nye aktivitetshus. Osfest leiger lagerplass i delar av bygget, som i 2012 fungerte som klasserom mens ungdomsskulen blei pussa opp.

– Vi har hatt over ti innbrot her det siste året, og intensiteten har auka dei siste vekene. Tidlegare har dei berre rota og stole tomflasker, men no er varer av høg verdi sakna, fortel festivalsjef Tor Egil Hylland.

18 av 20 walkietalkiar er vekke, det same er ein straumomkoplar.

– Eg vil tru at dette har låg verdi for dei som har tatt det, men det er varer som er dyre for oss å erstatta. Walkietalkiane åleine kostar over 1000 kroner per par, no er 9 koffertar med walkietalkiepar vekke.

Ungdomar sykla frå staden

Det ferskaste innbrotet blei oppdaga av Hylland på ettermiddagen søndag. Fleire av dørene sto opne, den eine med knust glas. Han ringte resten av styret for å informera, og kollega Jan Kristian Rokne kom til staden for å sikra bygget.

– Eg sto på baksida ved elva då eg, i gjenskin i vindauga i naustet på motsett side av elva, oppdaga to ungdomar ved den knuste døra. Eg veit ikkje kva dei gjorde der, men tenkte det kunne vera dei same folka som var tilbake.

– Då eg gjekk på framsida for å snakka med dei, kaste dei seg på syklane og trødde av garde i høg fart inn mot sentrum, fortel Rokne.

Ein av dei snudde seg, såg på Rokne, og balte felt med å få ei hette over hovudet mens han sykla det han var god for.

Dei to blir skildra som i ungdomsskulealder eller litt eldre, på kvar sin offroad- eller triksesykkel. Den eine hadde grå eller svart hettegenser, den andre hadde jakke eller genser som truleg hadde noko raudt eller oransje på seg.

– Håper dei melder seg

Osfest-arrangørane fortel at dei første innbrota kom før førre festival, mens det har vore ein serie med innbrot den siste tida.

– Når dei har vore inne i bygget har dei opna både vindauge og dører i store delar av bygget. Vi har skrudd opp barrikadar, men desse har blitt sparka ned. Det har vore vanskeleg å beskytta varene i dette store bygget, når aktiviteten har vore så høg.

Fleire spor er sikra frå staden, i tillegg til observasjonen av dei to mogleg involverte i går.

– Vi veit ikkje om det er nokre få som står bak alle innbrota, eller om det er ulike folk eller eit større miljø som har dette nærmast som hobby. Men vi har fleire spor, og vi vil melda dette til politiet seinare i veka, om ikkje ungdomane melder seg og vi får tilbake utstyret vårt.

I går blei lageret tømt for all småelektronikk og andre lette varer av verdi, no er det for det meste pappkrus, møblar, regnponchoar og plakatar igjen.

– Det er uansett ikkje kjekt å ha varer ståande her, når det er så hyppig med innbrot, og når det blir rota så mykje rundt i lokalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.