Lokal | 09. feb. 2011

Fleire kabelfeil

Straumen har gått av og på i Varåsen også i kveld. BKK har funne éin av fleire feil.

Fleire kabelfeil
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. feb. 2011 19:54

I 11-tida onsdag gjekk straumen både i Industrivegen, Varåsen og i Os sentrum. Enkelte plassar i Varåsen skal den ha forsvunne tidlegare.

Straumen blei enkelte plassar kopla litt inn og ut fram til den i Os sentrum, Industrivegen og delar av Varåsen kom tilbake rundt 11.45.

- Vi har funne ein feil og kjem til å rigga opp eit aggregat så folk får straum medan vi reparerer skaden, sa Anne Mette Tuvin til Midtsiden.no i 13-tida.

Men i Varåsen på Kuventræ-sida av bommane var dei fleste i 20-tida framleis utan straum.

(Medan nord for bommen, der det er grådig fint å bu, har dei straum, TV, PC og komfyr fungerer heilt fint. Varmt vatn har dei òg. Kremt. Merknad frå ein lokalredaktør nesten fri frå skadefryd ovanfor naboar).

- Dei kopla inn eit aggregat i 17.15-tida, men to timar seinare forsvann den, fortel ein som bur i Øvre Varåsen til Midtsiden.no.

- Det kom først ei feilmelding på temperatur, så ei feilmelding på kjølevæskenivå, trass i at nivået er heilt fint, seier ein av dei BKK-tilsette til Midtsiden.no.

Ein kollega var då på veg for å hjelpa til med å få aggregatet i drift igjen.

På denne BKK-sida finn du oppdatert status.

BKK har fleire operatørar i sving i Gymnasvegen for å reparera den eine av minst to skadar på nettet.

- Ein gamal skøyt er skadd. Vi reparerer denne no og søkjer etter fleire feil i morgon. Vi veit at det er skade minst éin annan stad.

Det betyr at fleire av dei som bur i Varåsen i natt og i morgon er avhengig av at aggregatet fungerer som det skal for at dei skal få straum.

Den skadde skøyten er i same område som ei gravemaskin lagde brot i november i fjor, ved den nye barnehagen som er under bygging i Gymnasvegen.

Men dagens brot skal ikkje ha noko med dette arbeidet å gjera, skaden skal vera i ein eldre skøyt, og fysisk arbeid på staden skal ikkje ha noko med dette straumbrotet å gjera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.