Politi | 09. mars 2023

Fleire kontrollar og uhell på ferskt vinterføre

Fleire uhell og kontrollar - eitt beslag av køyretøy.

Fleire kontrollar og uhell på ferskt vinterføre
UP hadde kontroll ved Vognhallen i Mobergsbakken i 20.30-tida i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. mars 2023 09:54

Onsdag klokka 09.07 fekk politiet melding om bil på havarilomme i Lyshorntunnelen. Vegtrafikksentralen blei varsla og bilbergar bestilt.

Klokka 14.50 fekk politiet melding om køyretøy med stans på Halhjemsvegen rett etter rundkøyringa retning Os.

– UP dirigerte trafikken. Det står ikkje notert kva som var årsaka til køyretøystansen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det snødde tett i Os i går ettermiddag, og det blei fleire problem i trafikken. Frå Halhjem mot Bjørnen hamna ein buss på tvers, noko som skapte utfordringar for fleire bilar og bussar.

Buss på tvers: Det hopa seg opp med bilar og bussar ut mot Bjørnen i går. (Lesarbilde, foto: Maria Lind Olsen)
Buss på tvers: Det hopa seg opp med bilar og bussar ut mot Bjørnen i går. (Lesarbilde, foto: Maria Lind Olsen)

I 15-tida glei ein buss av vegen ved Lysekloster-ruinane.

Vegen blei stengt fram til klokka 16.

Samtidig var det fleire som hadde problem på Hjelle.

– Rundt 5 til 7 bilar har problem med å koma seg opp bakken, sa tipsar.

Tok beslag i bil

Klokka 18 bisto politiet i Os kollegaer i sør-vest med å ta beslag i ein bil.

– Bilen sto i Os sentrum i ein allereie oppretta sak i Bergen.

– Bergingsbil blei rekvirert og bilen blei transportert vekk.

UP hadde to kontrollar

Klokka 14.15 var det promillekontroll på Halhjem ferjekai.

Der var det 16 kontrollerte og ingen reaksjonar.

I 20.30-tida var det åtferdkontroll (mobilbruk og bilbelte) i Mobergsbakken ved Vognhallen. Heller ikkje der fann utrykningspolitiet noko å reagera på.

I 19.30-tida fekk politiet melding om laus hund utan band på Halhjem. Eigar blei funnen.

Klokka 19.42 kom det melding om lekkasje frå ein gyllekjellar på Grindavoll.

Politi og brannvesen var på staden.

– Vi har oppretta sak som handlar om brot på forureininglova, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.