Reise og turisme | 01. juli 2022

Fleire land godkjenner utgåtte pass

I dag er også ventetida på nytt pass ganske kort.

Fleire land godkjenner utgåtte pass
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. juli 2022 12:10

Fredag for ei veke sidan blei det klart at styresmaktene i Hellas vil akseptera utgåtte pass som legitimasjon.

Men makulerte pass blir ikkje akseptert, og pass for unge under 16 år må vera utgått ikkje lengre enn eitt år sidan. For vaksne gjeld tre år.

Før dette sa Tyrkia at dei vil akseptera ID-kort som legitimasjon.

I dag opplyser Justis- og beredskapsdepartementet at yttarlegare fire land kjem med same aksept.

Dei fire landa er:

  • Tyskland
  • Island
  • Estland
  • Portugal

Dette gjeld fram til 31. desember i år.

– Hugs at det er ein risiko for at informasjon om ordninga ikkje har nådd ut til alle aktørar, transportørar eller andre reiselivsaktørar. Vi anbefaler derfor å reisa med direktefly frå Noreg, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) i ei pressemelding.

Ho minnar samtidig om at enkelte europeiske land har innført nye koronareglar, og at det er verdt å oppdatera seg før avreise.

Fleire ledige timar for nytt pass

– Leveringstida for nasjonalt ID-kort er på knappe to veker, og det vil bli fleire ledige timar på pass-og ID-kontora utover sommaren og hausten, seier Mehl.

I skrivande stund er det ledige timar for nytt pass ved Bjørnafjorden politistsjon.

Dei første ledige er to timar tysdag 13. og fire timar torsdag 15. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.