Lokal | 29. aug. 2019

Fleire meldingar om stygg køyring med MC

Motorsyklistar køyrde gjennom busshaldeplass i høg fart - skal ha vore farleg nær sparkesyklist.

Fleire meldingar om stygg køyring med MC
Politiet kan melda om fleire trafikk-relaterte saker det siste døgeret. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 29. aug. 2019 07:44

Loggen til politiet for dei siste 24 timane inneheld ingenting om dei store nedbørsmengdene som har kome sidan i går ettermiddag, men politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Anne Lyssand kan fortelja om fleire trafikk-relaterte hendingar.

– I løpet av ettermiddagen i går fekk vi to meldingar om stygg køyring med motorsykkel. Like etter klokka 14 skal tre motorsyklar ha køyrd gjennom busshaldeplassen ved Meny. Ein oransje KTM Duke 125, ein kvit KTM Duke 125 og ein Yamaha-sykkel i same storleik skal alle ha passert gjennom busshaldeplassen i høg fart, retning sørover mot Os sentrum. Meldinga til politiet gjekk ut på at minst ein av syklane var farleg nær ei ung jente på sparkesykkel.

Lyssand seier at busshaldeplassen er merka med innkøyring forbode for alt anna enn bussar, og at meldar sjølv prøvde å følgja etter dei tre syklane, men måtte fort gje opp grunna farten til dei heldt.

UP-kontroll og tablettar i bil

I løpet av gårsdagen gjennomførde UP ein fartskontroll i Røtingavegen.

Lyssand fortel om fin køyring hos alle kontrollerte, men at det vart delt eit førelegg for feil bruk av mobiltelefon i bil og eit førelegg for manglande bruk av setebelte i bil.

Like før klokka halv ni i går kveld fekk politiet melding om ein bil som køyrde merkeleg i området ved Kiwi Gudriflaten.

– Patruljen rykka ut, og i bilen fann dei tre personar. Bilførar blåste til grønt på promillekontroll, men hos ein av passasjerane vart det funnen tablettar som passasjeren ikkje hadde resept på. Det vart gjennomført avhøyr på staden og sak vert oppretta, seier Lyssand.

Gnistregn og røyk var kjettingar

I dag tidleg fekk politiet melding frå ein bilist som køyrde bak eit vogntog på Byvegen. Meldar reagerte på gnistrar og røyk frå vogntoget.

– Patruljen fekk stoppa vogntoget, og det heile synte seg å vera kjettingar som subba i bakken under hengaren, seier Lyssand.

Førar fekk retta opp i saka på staden og køyrde så vidare, avsluttar Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.