Båt og sjøliv | 17. sep. 2025

Fleire oppdrag for redningsskøytene i Vestland

Utførte totalt 309 oppdrag i fylket i perioden 1. mai til og med 31. august.

Fleire oppdrag for redningsskøytene i Vestland
RS «Bjarne Kyrkjebø» på tokt i Bjørnafjorden i juli i år. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. sep. 2025 10:03


Redningsselskapet har hatt fleire assistanseoppdrag i Vestland i sommar samanlikna med fjoråret.

Talet på søk- og redningsoppdrag har likevel gått ned, skriv Redningsselskapet i ein epost i dag.

Redningsskøytene utførte totalt 309 oppdrag i fylket i perioden 1. mai til og med 31. august. Det er ein auke på 10 prosent samanlikna med i fjor.

Flest oppdrag vart løyste frå stasjonen i Bergen etterfølgde av Grimstadneset og Florø.

Dei aller fleste av oppdraga var retta mot fritidsbåtflåten, og dei vanlegaste oppdragstypane var:

  • assistansar ved motorstopp
  • tau i propellen
  • lekkasjar
  • grunnstøytingar

– Den klart største andelen av fritidsfartøy er i Sør-Noreg. Bra sommarvêr gir auka trafikk på sjøen. Våre faste og frivillige mannskap har verkeleg stått på i sommar, seier Gorm Hillgaar, maritim direktør i Redningsselskapet.

Færre søk- og redningsoppdrag

Ein gledeleg trend i sommar er at talet på alvorlege oppdrag i fylket, såkalla søk- og redningsoppdrag (SAR), har gått ned med over 20 prosent samanlikna med fjoråret.

I sommar var redningsskøytene involverte i 43 SAR-oppdrag, mot 56 året før.

Flest SAR-oppdrag i fylket vart utløyst av personar i nød, framdriftshavari og søk etter sakna.

– Det fremste oppdraget på redningsskøytene er å sikra god beredskap. Gjennom låg responstid kan me førebyggja alvorlege ulykker. Mange hendingar i sommar vart løyste før dei rakk å utvikla seg til redningsoppdrag, seier Hillgaar.

To liv redda i Vestland

Redningsselskapets visjon er at ingen skal drukna. I sommar redda mannskapet 10 liv på landsbasis, to av liva vart redda i Vestland.

Over 40 prosent av oppdraga i Vestland vart utførte av frivillige mannskap i Redningsselskapet.

Fleire oppdrag på landsbasis

På landsbasis gav sommaren ein auke i talet på oppdrag for Redningsselskapet, men færre alvorlege redningsoppdrag med høvesvis 3.745 oppdrag totalt og 405 søk- og redningsoppdrag.

Redningsselskapets assistansetelefon, 02016, fekk i sommarperioden inn over 8000 telefonar.

6 av 10 førespurnader vart løyste over telefonen og behovet for assistanse vart unngått.

FAKTA – Vestland (2025)

  • Talet på oppdrag: 309 (+10 % frå 2024)
  • Assistansar: 261 (+25%)
  • SAR-oppdrag (Search And Rescue): 43
  • Fartøy assisterte: 250 (+25 %)
  • Fartøy berga: 3
  • Liv redda: 2 (mot 1 i fjor)

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.