Kultur | 15. juli 2019

Fleire rekordar i 2019 - første slepp til 2020

TIX kjem til Tysnesfest i 2020. Desse tala er klare frå 2019-festivalen.

Fleire rekordar i 2019 - første slepp til 2020
Festivalsjef Sigvard Madsen og Andreas «TIX» Haukeland, som er klar for Tysnesfest 2020. (Foto: KVB/pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. juli 2019 14:02

– Med rekord på torsdag og den fine fredagen vi hadde i går, treng vi berre ein god laurdagskveld så blir årets festival vellykka, sa festivalsjef Sigvard Madsen før dødsinga starta som del av dagprogrammet laurdag.

Laurdagen blei knallgod, 6.196 er årets beste kveld.

– Det er eit stykke frå rekorden då Alan Walker «bles vekk» laurdagen i 2017, med 7.300 inne på Gjerstad, men publikum kom svært tidleg og handla til saman omtrent like mykje i baren, fortel dagleg leiar Øystein Vaage.

Til saman var det 4.996 torsdag (tidenes beste torsdag), 4.280 fredag og 6.196 inne på Gjerstad arena laurdag.

Det er om lag 700 fleire enn i fjor, då festivalen gjekk med underskot.

– Vi har kutta litt på artistar, spesielt på dagtid, og litt på fasilitetar, som nokre lektarar vi leigde inn. Rekneskapen er ikkje ferdig, men eg vil tru vi ligg godt an, seier Madsen.

Fleire rekordar

Det totale talet gjestar i år blir vanskelege å samanlikna med tidlegare, då det i år var gratis å kma inn på marknaden, og det var nye reglar i hamna.

– Men vi har nokre andre tal som er samanliknbare, utanom kor mange som var inne på Gjerstad, seier Vaage og ramsar opp:

• Ny rekord i hamna med over 1.475 overnattande gjestar fordelt i over 300 båtar

• Ny rekord på campen med 1.469 overnattande gjestar

• Ny rekord i podtown med 11 fulle hotellkonteinarar (mot 9 i fjor)

Slepp første artist til 2020-festivalen

– Rekordmange earlybirdbillettar blir lagt ut i dag klokka 18.00, og vi veit det sit mange klare for å bestilla! seier Vaage.

– Vi har allereie starta bookinga for neste år, og det svært kjekt å kunna annonsera at Andreas Haukeland, betre kjend som TIX, er klar for Tysnesfest 2020!

Andreas valgte artistnamnet TIX fordi han har diagnosen tourettes syndrom. Som han sjølv seier: «TIX ble kallenavnet mitt på ungdomsskolen fordi folk la merke til ticsene mine. Jeg tok eierskap over navnet og brukte det som artistnavn.»

TIX er mannen bak superhits som «Sweet but psycho» (Ava Max) og «Game Time» (Flo Rida) i tillegg til alle hitsa han speler sjølv.

Den siste hiten «Jeg vil ikke leve» har allereie nådd meir enn 5 millionar streams på Spotify.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.