Fleire store straumbrot i stormen
OPPDATERT: Først forsvann den hos 2.000 i Hagavik, Øyane og Strøno - så blei det mørkt i 1.244 hus frå Ulven til Søfteland.
Bildeserie:
I skrivande stund er 739 abonnentar i Os utan straum.
– Feilen oppsto rundt klokka 20.35. Då var over 2000 abonnentar utan straum, opplyser Øystein Økland frå BKK Nett.
Øyane, Strøno og Hagavik er ramma.
– Med omkopling har vi fått straumen tilbake til mange, og vi held fram med å prøva å kopla inn fleire.
Årsaka er funnen
Klokka 21.55 visste ikkje BKK kva som er årsaka til straumbrotet.
Det bles kraftig i Os og det er meldt aukande vindstyrke opptil 13 m/s vind i natt.
– Det er mogleg at vi sender ut mannskap på inspeksjon, men om vêret blir ekstremt så ventar vi til det verste er over. Tryggleiken til våre tilsette kjem først, seier Økland.
OPPDATERT: Klokka 22.22 melder Økland at feilen er funnen.
– Eit tre har velta over ei linje i Hagavik. Vi set folk på saka, og det er mogleg at alle har straumen tilbake innan klokka 23-23.30.
– Men med aukande vind kan nye problem oppstå, så ha gjerne alternativ lys og varmekjelde klar.
• Ole Bulls veg over Søvikåsen har vore stengt med bom sidan klokka 16 i dag. Årsaka er melding om mykje vind og nedbør.
• Os brannvesen har til no ikkje fått inn meldingar om problem i uvêret.
OPPDATERT: Etter at feilen i Hagavik var utbetra var 1244 hus frå Ulvenskiftet til og med Søfteland utan straum.
På morgonen første nyttårsdag var feilen retta, men då var 96 hus på Haugsneset utan straum. Dette er i 11-tida redusert til 22.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.