Lokal | 17. juni 2016

Fleire straumbrot i Os

Før klokka 8 forsvann straumen frå Kuventræ, i 8.30-tida var det straumbrot i Hamnevegen og Finnebrekka.

Fleire straumbrot i Os
Straumen forsvann i dette området klokka 07.51 i dag. (Kart: BKK Nett)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. juni 2016 06:50

Fredag morgon var det fleire som kom til stengt dør hos Rema 1000 Idrettsvegen. Rundt 200 abonnentar i området var utan straum.

– Feilen blei registrert klokka 07.51. Det er førebels uvisst kva som er årsaka, seier Anne Mette Tuvin frå BKK Nett.

Fleire kopla seg ut

I 8.30-tida forsvann den frå Hamnevegen, der blant andre Midtsiden har kontor, og Finnebrekka.

– No viser det seg at straumbrotet truleg har samanheng med gravearbeid i Os sentrum. Det er noko jordfeil i området og straumen koplar seg inn og ut nokre stadar.

Oppdatert: Straumen kom tilbake i Hamnevegen 40 klokka 08.44.

– Det er mogleg at straumnettet vil vera noko ustabilt mens vi driv vidare feilsøk og feilretting.

For oppdatert informasjon og kart sjå bkk.no/feil

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.