Sport | 02. juni 2010

Fleire vil overnatta

Det er venta 15 varmegradar og sol, rundt 1200 spelarar og over 100 overnattande gjestar til Bjørnefjorden Cup til helga.

Fleire vil overnatta
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. juni 2010 21:05

- Det er berre nokre få år sidan vi byrja å organisera overnatting for tilreisande lag, noko som har fungert bra. Til helga ventar vi meir enn dobbelt så mange overnattande spelarar som i fjor, seier Jan Helge Corneliussen frå arrangementskomiteen i Os Turn Fotball.

I år held det ikkje berre å bruka Kuventræ skule, når 10 lag med spelarar og lagleiarar vil overnatta må også Os Gymnas bli tatt i bruk.

- Dei som har vore her tidlegare kjem tilbake, og nye har kome til. I år har vi blant anna fleire lag frå Kolnes ved Haugesund som kjem til Kuventræ for å spela cup.

2000 på graset
Bjørnefjorden Cup, som blir arrangert på Kuventræ laurdag og sundag 5. og 6. juni, er for fotballspelarar mellom 7 og 12 år, gutar og jenter. Arrangørklubben Os stiller med 21 av dei rundt 130 påmmeldte laga, noko som utgjer rundt 150 foreldre på dugnad.

- Vi har parkeringsvakter, vaffelsteikarar, grillsjefar og is-seljarar. I tillegg kjem trenarar, lagleiarar, dommarar og publikum, vi blir nok rundt 2000 med smått og stort på Kuventræ laurdag og sundag, trur Corneliussen.

Syklistar lagar frukost
Gjestane som overnattar får frukost med i prisen. Os Turn Fotball får, i tillegg til å låna fleire klasserom som sovesal, låna musikkrommet ved skulen til å laga frukost til gjestane.

- Det blir dekka på koldtbord sundag morgon, ein dugnad som dei som skal sykla Bergen-Voss plar ta. Dei har ikkje høve til å stilla på dagtid laurdagen, så då må dei trø til sundag morgon.

Sol og 15 pluss
Som vanleg er det meldt fint vêr første helga i juni. Sola og snevet av varme vi hadde førre helg var berre ein forsmak, denne helga er det venta meir sommar.

Begge dagar er det meldt skya om morgonen, men skyfri himmel og 14-15 varmegradar etter 12.

Her kan du sjå detaljert vërmelding for Osøyro.

Informasjon om cupen og kampoppsettet finn du på osturnfotball.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.