Fleire vil på festivalcamp

Alexander, Sondre og Simen har tatt turen til Os for å nyta festivallivet, og er tre av fleire camparar på Kuven.

Alexander Tripodianos, Sondre Eknes og Simen Rydland frå Frekhaug har med seg oppblåsbar kjølebag til vorspielet på Kuven Farm Camping. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. juli 2015 21:52

Bildeserie:

Botnevik let gjestane bruka Mathiaskjellaren som stove. (Foto: KVB)
Kuven Farm Camping er offisiell festivalcamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Inger Botnevik har rigga til hovudkontor på trappa. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Trond og Hilde Andersen frå Landås tok med bubilen til Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjarte og Anne ser fram til å høyra Gabrielle, Morten Abel og Kurt Nilsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Både telt, bubilar og campingvogn er på plass på Kuven. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Therese Iren Pedersen, Erik Lunde, Stian Nestås, Liv Vatne, Bruse og Tor-Ivan Øyeflaten. (Foto: KVB)
Botnevik let gjestane bruka Mathiaskjellaren som stove. (Foto: KVB)
Kuven Farm Camping er offisiell festivalcamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 7

Under det regntunge Osfest-debuten i fjor var det ikkje mange som tok telt eller campingvogn med til festivalen i Os sentrum.

I år er det annleis.

– Vi har rundt 10 telt i tillegg til nokre bubilar og ei campingvogn. Hyttene våre er også fullbooka, fortel Inger Botnevik frå Kuven Farm Camping.

– Det er kjekt med så mykje besøk. I år låner vi også ut selskapslokalet Mathiaskjellaren, og der sat det ein gjeng og spelte gitar for ei lita stund sidan.

Kurt og Morten lokka

Campingplassen er offisiell festivalcamp og blant gjestane er det stort sett bergensarar og gjestar frå Nordhordland og Voss.

– Vi gler oss mest til Kurt, men vi skal ned i dag òg. Vi synest det er eit bra program, seier Trond og Hilde Andersen frå Landås.

Bjarte og Anne frå Bergen har kvar sine favorittar, Kurt og Gabrielle og Morten Abel og Elvira Nicolaisen.

– Har mange favorittar

Kameratgjengen Alexander Tripodianos, Sondre Eknes og Simen Rydland frå Frekhaug bryr seg ikkje fullt så mykje om programmet på scenen.

«Kim Larsen», foreslår han eine, men blir korrigert av kameratane.

– Vi var også på Tysnesfest, så no var det berre å få fram campingutstyret igjen. Det er ein fin campingplass, men det skulle gjerne vore endå meir festing her, meiner dei.

Ein venegjeng frå Bulken i Voss kommune kom med campingbil.

– Det er så mange gode artistar at vi vil ikkje nemna favorittar, seier Liv Vatne på vegne av veneflokken Therese Iren Pedersen, Erik Lunde, Stian Nestås og Tor-Ivan Øyeflaten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.