Næringsliv | 25. okt. 2019

Fleire Vita blir lagt ned - men Os får ny kontrakt

– Jubelen sto i taket, men det er samtidig trist å mista kollegaer i andre butikkar, seier Anita Lyssand.

Fleire Vita blir lagt ned - men Os får ny kontrakt
Anita Lyssand får ny konrakt med ny kjedeeigar. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. okt. 2019 16:18

Måndag blei det kjent at Cosmetic Group, eigar av 207 Vita-butikkar og 23 Loco-butikkar, er konkurs.

Vita på AMFI Os heldt likevel butikken open som vanleg, i tråd med oppmoding frå bustyrar.

– Det har vore unormalt god handel denne veka, og vi har fått mykje støtte frå kundar og andre osingar. Vi er heilt rørt, seier Anita Lyssand.

Onsdag fortalte Jotunfjell Partners at dei har kjøpt buet etter dei to kosmetikk-kjedane, men det var uvisst kor mange av dei 207 Vita-butikkane dei ville inngå ny franchisekontrakt med.

Spennande ventetid

– Vi har gledd oss over at det kom ny eigar, men vore veldig spente på kva butikkar dei ville ha med vidare. Eg har sjekka epost i eitt sett, og no i ettermiddag kom gladmeldinga.

Anita ringte avsendar for å få gladmeldinga stadfesta. Så sleppte Vita-jentene jubelen laus.

– Nestleiar Celine jubla så dei høyrde ho over det meste av senteret! Vi er naturlegvis veldig glade, og litt stolte, over at vesle Os er ein av dei som får vera med vidare.

– Samtidig har har eg snakka med fleire i regionen som har fått motsett beskjed. Vi har hatt tett kontakt fleire gongar i året med kollegaene våre frå andre butikker, så det er blanda kjensler i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.