Lokal | 20. juli 2014

Flekte ræv til politiet

Politiet laurdag: Ras i Rødsliane, rasering av leilegheit på Halhjem og framvising av rumpe i Os sentrum.

Flekte ræv til politiet
Då politiet var ved Esso-stasjonen i natt var det ein mann i 20-åra som flekka ræv. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. juli 2014 08:05

Han erkjente forholdet, men ville ikkje akseptera noko bot, mannen som i natt flekte ræv til politiet.

– Det var i 4-tida i natt at patruljen blei utsett for dette. Vedkomande, ein mann i starten på 20-åra, nekta ikkje for forholdet, men kunne ikkje forstå at dette var straffbart.

Mannen blei vist vekk frå Os sentrum og er meldt for forholdet.

Krangling og knusing

Politiet rykte ut til tre kranglar laurdag og natt til søndag. Den første var på Halhjem i 17-tida.

– Ein mann som var på besøk hos ein annan mann byrja å kasta og øydelegga ting. Vi kom på staden og det roa seg. Øydeleggaren fekk pålegg om å halda seg vekke frå adressa i minst 24 timar.

I 1-tida natt til søndag blei det ringt inn melding om mykje skriking frå ein båt på Halhjem.

– Her var det krangling mellom ein mann og ei kvinne. Kvinna blei etter eige ønskje tatt med vekk frå båten og kjørt til ei adresse i Os.

Også i 3-tida blei politiet kontakta etter krangling mellom eit par, då ein mann ikkje ville bli med kjærasten heim. Dette løyste seg og dei for frå sentrum i same taxi.

Utdrikkingslag på båttur

Det kom i natt fleire meldingar på feststøy, den første og andre meldinga kom noko tidleg, klokka 23.15 grunna ein fest nær Kuventræ.

– Her kom det ny melding om støy i 00.40-tida. Då ringte vi opp og dei dempa seg.

Klokka 23.15 kom det også melding om utdrikkingslag om bord på ein båt, der festdeltakarane skal ha kasta ting etter svanene i hamna.

– Dei fortalte at dei berre hadde kasta mat og blei oppmoda om å festa med måte.

Ras, skadd gås og promillekontroll

I 18.30-tida laurdag fekk politiet melding om ras i Rødsliane.

– Ein stor stein skal ha rast ut. Vi varsla Vegtrafikksentralen.

Vegvesenet blei også varsla då det i 23-tida kom melding om skadd gås på E39 mellom Liafjellstunnelen og Mobergsbrua.

I 4-tida natt til søndag hadde politiet promillekontroll på Lepsøyvegen.

12 bilar blei kontrollert utan at politiet fann noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.