Flest alvorlege oppdrag i Vestland
Vestland fylke toppar Redningsselskapet sin landsstatistikk for søk- og redningsoppdrag (SAR) i 2024.


Vestland ligg på topp med totalt 124 søk- og redningsoppdrag (SAR), skriv Redningsselskapet i ei pressemelding i dag.
Det tilsvarar ei auke på over 19 prosent for alvorlege hendingar, samanlikna med 2023.
– Perioden juli til september i år har verkeleg sett spor. Fylke i sør og vest med mange fritidsbåtar toppar statistikken. Sjølv etter ein sommar med variabelt vêr, har vi heller ikkje i fjor kome utanom ei auke i alvorlege hendingar på sjøen, seier Grete Herlofson, generalsekretær i Redningsselskapet.
Den totale oppdragsmengda var 504 oppdrag i fylket.
Hovudsakleg handla oppdraga i Vestland om assistansar av fritidsbåtar. Desse oppdraga handlar om alt frå motorstans til tau i propellen.
Eitt liv redda
Redningsselskapet sin visjon er at ingen skal drukna.
I 2024 har redningsskøytene sine mannskap redda 30 liv frå drukningsdøden. Ei av desse redningane vart utført i Vestland fylke.
Totalt drukna 95 personar i Norge i 2024.
– Det førebyggande arbeidet i Norge må koordinerast betre og få tilført fleire ressursar til å førebyggje alle typar ulykker. I fjor redda mannskapen på redningsskøytene våre livet til 30 personar. Utan deira nærvær kunne talet blitt langt høgare, seier Herlofson.
Totalt på landsbasis har Redningsselskapet utført 9674 oppdrag i 2024. Av desse var 887 søk- og redningsoppdrag.
Redningsselskapet har sju skøyter i beredskap i Vestland fylke, plassert på ulike stasjonar.
Under kan du lesa kor mange oppdrag kvar enkelt stasjon hadde.
Antall oppdrag – Vestland:
- Bergen: 309 oppdrag i 2023, 242 oppdrag i 2024.
- Florø: 86 oppdrag i 2023, 48 oppdrag i 2024.
- Grimstadneset: 72 oppdrag i 2023, 80 oppdrag i 2024.
- Leikanger: 14 oppdrag i 2023, 17 oppdrag i 2024.
- Måløy: 27 oppdrag i 2023, 18 oppdrag i 2024.
- Mongstad: 26 oppdrag i 2023, 42 oppdrag i 2024.
- Stord: 54 oppdrag i 2023, 56 oppdrag i 2024.
Totalt i 2024 var det 504 oppdrag på Vestlandet.
Det er ein nedgang på 14 prosent frå 2023, då det var 588 oppdrag for redningsselskapet.