Lokal | 30. jan. 2019

Flest unge ledige i Os

Arbeidsledigprosenten blant unge i Os er nesten tre gongar så høg som i Fusa.

Flest unge ledige i Os
Nav Os. (Arkivbilde: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. jan. 2019 09:45

I går kom Statistisk Sentralbyrå med tal frå Nav på mengda arbeidsledige i Noreg. Tabellen blir oppdatert éin gong i året.

Ved utgangen av desember var det registrert 63.500 heilt arbeidsledige hos NAV. Det utgjer 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Bruttoledigheten, som i tillegg inkluderer arbeidssøkjarar som deltar på arbeidsretta tiltak, var på 79.000 personer, noko som tilsvarar 2,9 prosent av arbeidsstyrken.

– Arbeidsløysa har halde fram med å gå ned i 2018, men noko seinare enn i 2017. Nedgangen skuldast først og fremst betring på arbeidsmarknaden i fylka og yrkene som var ramma av nedgangstider i oljebransjen, seier velferdsdirektør Sigrun Vågeng i Nav.

Heilt arbeidsledige, 15-74 år:

Os, alle: 2,7 %
15-29 år: 3,5 %
30-74 år: 2,5 %

Fusa, alle: 1,7 %
15-29 år: 1,2 %
30-74 år: 1,8 %

I Bergen kommune er 2,8 % heilt arbeidsledige.

Grunna innføring av nytt system i 2018, som fører til at det går kortare tid frå du registrerer deg til du kjem inn i statistikken, får du for høgt tal for 2018 om du samanliknar med tidlegare år.

Men statistikk frå 2017 og eldre kan samanliknast.

Her er tal (heilt ledige, 15-74 år) for Os og Fusa dei siste åra:

Os
2017: 2,6 %
2016: 3,7 %
2015: 2,9 %
2014: 2,6 %

Fusa
2017: 1,4 %
2016: 2,7 %
2015: 2,1 %
2014: 1,5 %

I desember 2018 blei det registrert 22.800 nye ledige stillingar på nav.no.

Det var flest nye utlysningar innan helse, pleie og omsorg (4.100), ingeniør- og ikt-fag (3.400) og bygg og anlegg (2.600).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.